Noregs dokumentarv i Nasjonalbiblioteket

Noregs dokumentarv (kulturradet.no) er eit register over unike dokument som på kvar sin måte representerer viktige personar eller hendingar i historia vår. Registeret inneheld alt frå arkiva etter Ivar Aasen og Edvard Grieg til Roald Amundsens film frå Sørpolen og radioopptaket av fotballkampen mellom Noreg og England i 1981.

Noregs dokumentarv er den norske delen av Memory of the World-registeret til UNESCO (MoW), som utgjer verdas dokumentarv. MoW er eitt av fleire UNESCO-program som har som mål å løfte, synleggjere og redde kulturarven, jf. konvensjonar som verdsarvkonvensjonen (1972) og UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv (2003).

Nasjonalbiblioteket har i dag 18 dokument i det norske registeret. Tre av desse står også på den internasjonale lista til UNESCO.

Dokument og arkiv som blir tekne opp i Noregs dokumentarv, er nominerte av arkiv, bibliotek og museum over heile landet.

Verdas dokumentarv

Noregs dokumentarv

Les meir