Wilsearkivet

Bilde av hus, fjord og flagg

Anders Beer Wilse er rekna som Noregs mest kjende fotograf. Han moderniserte norsk fotografi gjennom teknikkar som augeblinksfotografi og illustrerande sjangerfotografi, og han hadde nye idear om motivval og forteljande og personleg fotografi. Arkivet hans syner kor mangfaldig fotografisk verksemd kunne vere i fyrste halvdel av 1900‐talet, og korleis fotografiet fekk innverknad på stadig nye delar av samfunnet over heile landet.

Fotografia til Wilse dokumenterer norsk landskap, folkeliv og næringsliv i åra 1900 til 1949. Heilt frå mellomkrigstida har arkivet hans blitt brukt til historisk biletinformasjon om bygder, byar og landskap over heile landet, inklusiv Svalbard. Fotografia til Wilse er den viktigaste visuelle kjelda vi har til denne perioden. Bileta hans frå t.d. lofotfisket (1910), sildefisket ved Haugesund (1911) og bygginga av Bergensbanen (1907–1909) er unike dokumentasjonar av livet i Noreg på denne tida.

Wilse var førande for gjennombrotet til ein ny og forteljande fotografisk illustrasjonskunst på trykk i 1906. Dei nye motivvala og den nye måten å vise dei på ser vi spor av i det meste av norsk fotografi frå 1900talet. Wilse heldt over 800 lysbildeføredrag og var svært viktig for den allmenne interessa for og bruken av fotografi.

Wilsearkivet er i verneplanen for norsk fotografi frå 1991 skildra som eit av Noregs to mest verneverdige fotoarkiv. Arkivet inneheld eit variert fotografisk materiale som er fordelt på fleire store nasjonale institusjonar (Nasjonalbiblioteket, Norsk Folkemuseum, Norsk Teknisk Museum – DEXTRA Photo, Oslo Museum, Preus museum og Norsk Maritimt Museum). Det inneheld om lag 167 300 negativ og rundt 61 800 originalpositiv, mellom anna om lag 40 000 i album (frå biletbyrået til Wilse), 56 innramma forstørringar, 777 lysbilete (i hovudsak handkolorerte), ei rekkje album, to fotografiske kunstmapper, fleire fotobøker og bilethefte, i tillegg til postkort.

Nasjonalbiblioteket sin del av arkivet inneheld om lag 15 000 negativ, cirka 400 originalpositiv, fleire tusen postkort, fotobøker og bilethefte av Wilse, og dei sjølvbiografiske memoarbøkene En emigrants ungdomserindringer (1936) og Norsk landskap og norske menn (1943).