Forskarplassar

Nasjonalbiblioteket tilbyr plass på forskarlesesal i Henrik Ibsens gate 110. Her har du tilgang til heile Nasjonalbibliotekets unike samling i eit inspirerande miljø.

Kriterium for tildeling av plass

Vi prioriterer brukarar som i kortare eller lengre periodar skal arbeide fagleg og vitskapleg med Nasjonalbibliotekets materiale. Dette kan til dømes vere i samband med skriveoppdrag for forlag/utgjevarar, eller dokumentasjons- og kjeldearbeid knytt til kunst-, medie-, og kulturnæring, eller andre slags formidlingsprosjekt.

Vi har for tida 22 plassar fordelte på to lesesalar, samt fire mindre kontor som kan disponerast etter spesiell grunngjeving.

Søknadsfristar

Vi tar imot søknadar om forskarplass fortløpande. Tildeling av plass gjeld for inntil eit halvt år om gongen, og må så bekreftast to gonger i året, før sommarferien og før jul:

  • 20. juni – tilgang til plass frå 15. august – 31. desember
  • 1. desember – tilgang til plass frå 1. januar – 31. juli

Du vert altså tildelt plass for ein avgrensa periode, men det er mogleg å fornye plassen for inntil to år på same søknad for brukarar som aktivt nyttar tilbodet. I særskilde høve kan òg plassen disponerast over ein lengre periode. Lenkje til søknadsskjema finn du nedst på denne sida.

Tilbod

Vi tilbyr eit bokskap inne på ein av dei to lesesalane til din disposisjon, og plass på ein av dei to forskarlesesalane. Om det er fullt på forskarsalane, er det mogleg å nytte plassar på den store lesesalen.

Forskarlesesalane er tilgjengelege for bruk i bibliotekets opningstider.

Ein må signere på ei avtale om bruk ved utlevering av forskarkort. Forskarkortet gjev tilgang til lesesalane, og skal leverast inn att når avtaleperioden er over.

Send oss ein e-post viss du har spørsmål.