Privatarkiv

Nasjonalbiblioteket forvaltar Noregs største samling av arkiv etter forfattarar, kunstnarar, forskarar og andre kulturpersonar.

Vi tek òg vare på arkiv etter private institusjonar og foreiningar innanfor norsk kulturliv. Arkiva blir ordna og katalogiserte, slik at dei kan komme forskarar og andre interesserte til gode. På spesiallesesalen kan du òg utforske dei andre spesialsamlingane våre, som til dømes bøker frå boktrykkarkunstens eldste tid, kart, teatermateriale, fotografi, plakatar og mykje meir.

Har du spørsmål, ta kontakt med Spesiallesesalen: Tlf: 23 27 60 66

Opningstider: måndag til fredag kl. 09:00–15:30, torsdagar held vi ope til kl. 19:00. Eigne opningstider sommar og jul.

Last ned reglement for Spesiallesesalen 2018

Donere til Nasjonalbiblioteket?

Har du materiale du trur kan vere viktig å ta vare på for ettertida?  Ta kontakt med oss på spesiallesesalen!