Ivar Aasen: grammatikk-manuskript

Ivar Aasens virke omfatta eit viktig dokumentasjonsarbeid av dei norske målføra. På grunnlag av eige dokumentasjonsarbeid og grundige språkhistoriske og allmennlingvistiske studiar bygde han det nye skriftspråket – med ordbok og grammatikk – og tok det sjølv i litterær bruk.

Manuskripta til Sunnmørs-grammatikken og manuskriptet til Det norske Folkesprogs Grammatik er døme på dette. Manuskripta til Sunnmørs-grammatikken blei ikkje gjevne ut medan Aasen levde, men er viktige føresetnader for Det norske Folkesprogs Grammatik, som kom ut i 1848.

Arkivet etter Ivar Aasen innheld nedslag av heile breidda av aktivitetane hans: Aasen som innsamlar, Aasen som språkvitar og språkbyggjar, og Aasen som diktar. Etableringa av landsmålet, seinare nynorsken, var eit viktig demokratiserings- og danningsprosjekt, og handla om å gje vanlege folk utanom byane eit eige skriftspråk, slik at dei kunne bli samfunnsaktørar på lik linje med den bybaserte eliten. Etableringa av nynorsken gav vilkår for at norsk kultur, politikk og samfunn fekk utfalde seg på heimleg grunn og med breie lag av folket i aktivitet. Det nynorske skriftspråket har fått fram nokre av dei største forfattarane i den norske litteraturhistoria, og nokre av dei viktigaste samlande tekstane, t.d. salmar som «Å leva det er å elska» eller «Gud signe vårt dyre fedreland». På godt og vondt har den norske språksituasjonen med to offisielle skriftspråk prega oss som samfunn og gjort nordmenn til eit svært språkmedvite folk. Det er ikkje å ta for hardt i å seie at Noreg ville ha hatt ei anna historie om ikkje Ivar Aasen hadde etablert landsmålet/nynorsken.