Tilbud til skoler

To elever ser på kart

Nasjonalbiblioteket inviterer vidaregåande skular til både foredrag, omvisingar og verkstadar i lokala våre på Solli plass. I tillegg tilbyr vi mange digitale foredrag som kan brukast i klasserom over heile Noreg. Tilbodet er gratis.

Digitalt program

Kven bestemmer over naturressursane i Sápmi? Korleis kan musikksjangrar som hiphop og svartmetall seiast å byggje identitet og tilhøyrsle? Og kva har Noora frå Skam og Nora i Et dukkehjem eigentleg til felles bortsett frå namnet?

Dette er tre spørsmål som blir utforska i dei nye, digitale foredraga våre i haust. Mikkel Berg-Nordlie snakkar om dei samiske kampane for naturvern, Sandeep Singh snakkar om Karpe og Darkthone, og Janne Stigen Drangsholt snakkar om kvinner og samfunn i den moderne epoken.

I tillegg blir det gjensyn med fem tidlegare foredrag om alt frå krigskart til ytringsfridom. Du finn ei oversikt over alle dei digitale produksjonane våre her.

Foredrag

Denne hausten kan elevane høyre fem ulike foredrag her ved Nasjonalbiblioteket på Solli plass.

Forskingsbibliotekar Trond Haugen fortel om barokkens rockestjerne Dorothe Engelbretsdatter og om den kjende salmen hennar, Aften-Psalme (1685).

Litteraturprofessor Janne Stigen Drangsholt foreles om modernitet, likestilling og kjønnsroller i Ibsen og Skam.

Historikaren Live Vedeler Nilsen gir elevane eit innblikk i dei dramatiske månadane rundt unionsoppløysinga mellom Noreg og Sverige.

Musikkjournalisten Sandeep Singh snakkar om identitet, utanforskap og tilhøyrsle i subkulturar som svartmetall og hiphop.

Historikaren Ole-Albert Nordby skildrar forholdet mellom makt og religion i Noreg i mellomalderen, gjennom overgangen frå ei katolsk til ei protestantisk statskyrkje.

Her finst ei oversikt over alle foredrag.

Omvising

Fram til 15. september er det høve til å ta med klassa på besøk i den populære utstillinga vår om norsk svartemetall, Dårlig stemning. Her lærer elevane om både musikksjangeren, den samfunnsmessige bakgrunnen for oppblomstringa av norsk svartmetall og inspirasjonskjeldene frå norsk kulturhistorie som lurar i skuggane.

I tillegg byr vi på ulike tematiske omvisingar i dei permanente utstillingane våre. Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie fortel historia om korleis norsk offentlegheit har utvikla seg, og i Nasjonalbiblioteket sitt kartsenter finst verdas største samling kart over Noreg og nordområda.

Du finn ei oversikt over alle omvisingane våre her.

Verkstad

Denne hausten tilbyr Nasjonalbiblioteket også to verkstadar for handverkselevar under den store Handverksfestivalen i september.

Saman med Lillan Støen, Roger Johansen og Per Henrik Moe lærer elevane om trådsløyden si rolle romanikulturen. Dei får sjølvsagt også prøve seg i handverket, og lage ein stålvisp ved hjelp av ståltråd og tong.

På verkstaden til Sofie Kleppe lærer elevane om skinnsaum og garving, og om korleis dyrehud blir til skinn og lær. Dei får også forsøke seg på å sy ein skinnpose.

Meir informasjon om verkstadane finn du her.

Påmelding

Både digitale og fysiske arrangement krev påmeldig. Meld på klassa di her.