Lovenes konge – ein julekalender om Magnus Lagabøte

Nasjonalbibliotekets julekalender 2023

Maktkamp, borgarkrig og intrigespel prega Noreg før landet vart ein av Europas sine sterke og framgangsrike statar på andre halvdel av 1200-talet. 

I årets julekalender frå Nasjonalbiblioteket får du høyre om den dramatiske familiesoga som leia fram til innføringa av Magnus Lagabøtes landslov i 1274. 

Dette er forteljinga om veslebroren som ikkje skulle verta konge, men som fekk ansvaret for eit heilt kongerike og bestemde seg for å satsa på fred og forsoning heller enn krig. 

Historia er fortald og innlese av Jørn Øyrehagen Sunde, jurist, rettshistorikar og forskar ved Nasjonalbiblioteket. 

Kvar veke opnar vi 6 nye luker.