Landslovjubileet 2024

Bildet viser en illustrasjon av Magnus Lagabøte representert med et kongehode med krone. Illustrasjonen er i gull med hvit skrift. Teksten leser Landslovjubileet og tallene 1274 og 2024 som understreker landslovens 750-års jubileum.

Lova som forandra Noreg

I 2024 feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. Nasjonalbiblioteket er nasjonal koordinator for Landslovjubileet 2024, og gjennom året vil vi markere og formidle dette over heile landet.

For å forstå vår eiga tid, og kunne seie noko om framtida, må vi kjenne fortida. Landslovjubileet 2024 markerer starten på arbeidet med å gjere den intellektuelle sida ved norsk mellomalderhistorie til ein del av den felles forståinga vår.

Jubileumsprogram

Utstilling

Utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes Landslov, 1274–2024  blir ein sjeldan moglegheit til å møte mellomalderen på nært hald. For fyrste gong har vi samla eineståande handskrivne bøker laga i Noreg i mellomalderen, som hittil har vore i utanlandske samlingar.

Frå 1. februar til 14. september gjer vi denne gløymde delen av norsk kulturhistorie tilgjengeleg for publikum i Noreg. 

Illuminasjon fra Magnus Lagabøtes landslov.
Fem middelalderkvinner i oransje og gule klær. En liten baby. Blå bakgrunn.

Arrangement

I jubileumsåret byr Nasjonalbiblioteket på eit rikt arrangementsprogram. Få med deg festopning, foredrag og samtalar om alt frå kvinneliv i mellomalderen til eit krasjkurs i mellomalderen på 90 minutt. Det blir mellomaldersk spelkveld med ei Dungeons & Dragons-økt basert på Landslova, og ei folkelesing av lova. 

Arrangement i opptak

Sjå arrangement fra Landslovjubileet heime i di eiga stove — blant anna opning av Landslovjubileet 2024 og mellomalderen på 90 minutt.

To kvinner og en mann står på en scene og spiller og synger middelaldermusikk.

Podkast

«Dømt – skjebner fra middelalderen» er ein samtalepodkast med historieforteljande element som tar utgangspunkt i verkelege rettssaker frå mellomalderen. Kvar episode tar utgangspunkt i ei historie om nokon sitt møte med det norske rettsvesenet på 1300- og 1400-talet, etter at Magnus Lagabøtes landslov blei innført i 1274.

Programleiarane Aslak Sira Myhre og Ole-Albert Rønning Nordby bruker desse historiene til å fortelje om ulike aspekt ved det norske mellomaldersamfunnet. Dei tar opp tema som kyrkja si makt, klasseskilnader, økonomi og – sjølvsagt – juss.   

Utgivingar

I høve Landslovjubileet 2024 gir Nasjonalbiblioteket ut Landslova i nye omsettingar for første gong på 100 år. Lovboka blir gitt ut i ei praktutgåve med særs vakker utforming, og ei folkeutgåve som er tilrettelagt for eit allment publikum.

Bildet viser en bokside fra landsloven til Magnus Lagabøte. Det inneholder en turkis illuminasjon med elementer i gull og tekst i sort og blått.
En mann og en kvinne holder hender. Mannen har krone på hode og gullfarget kjortel. Kvinnen blå kjole.

Jubileum i heile Noreg

Omvising

Er du nysgjerrig på Landslova og Noreg i mellomalderen, men veit ikkje heilt kor du skal begynne? Bli med på omvising! Vi guidar deg gjennom utstillinga og gir kontekst til den lovboka som  forma liva til menneska i Noreg i meir enn fire hundre år.  

Mann peker på monter i utstillingen om Magnus Lagabøtes landslov. Flere publikummere ser på i begeistring og undring.
Illustrasjon av kongen og biskopen i Magnus Lagabøtes landslov

Skuletilbod

Står vi nærare eller fjernare lovgivinga i dag enn det folk på kong Magnus Lagabøte si tid gjorde? På kva måtar merka ulike samfunnsgrupper endringane som lova førte med seg? Kva innverknad har lova hatt på det norske samfunnet i dag? 

Les meir om tilbodet vårt til vidaregåandeelevar på skulesidene våre. 

Logo og visuelt materiell

Plakat med utdrag fra Magnus Lagabøtes landslov.

Kva er Landslova av 1274?

I 1274 samla kong Magnus VI for første gong heile det norske kongeriket under éi lov. Den nye Landslova var eit banebrytande politisk og juridisk arbeid, og etter at han døydde, fekk Magnus tilnamnet Lagabøte – «lovforbetraren».

Magnus Lagabøtes landslov står igjen som eit av dei aller viktigaste dokumenta vi har frå Noreg i mellomalderen. Lova gjaldt i over 400 år, og i denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet vårt.

Landslova bygde vidare på den gamle norske tingtradisjonen. På same tid var ho påverka av banebrytande tankar og idear som var i vinden i Europa på 1200-talet. For første gong fekk kvinner arverett, og fattige som ikkje klarte å brødfø seg sjølv, skulle ikkje lenger straffast for å stele mat. Retten til å ferdast fritt i og hauste av naturen, som vi finn igjen i vårt eige daglegliv, er nedfelt i Landslova.

Landslova er dermed eit symbol på ein del av norsk historie vi ofte gløymer. I mellomalderen var Noreg nært knytt til Europa. Den norske kongefamilien var gifta inn i europeiske kongehus, den norske eliten utdanna seg ved universitet i Italia og Frankrike, og norske prestar og biskopar var i tett kontakt med paven i Roma.

Utan denne kontakten med Europa hadde ikkje den første felles lovboka i Noreg blitt til. Tankar og idear reiste nordover, og menneska som levde i Noreg i mellomalderen, gjorde dei til sine eigne. Historia om Magnus Lagabøtes landslov er ein del av historia om korleis vi blir oss sjølv i møte med andre – og om korleis Noreg etter kvart blir til det Noreg vi kjenner i dag – i samspel med verda som ligg utanfor. 

Magnus Lagabøte og landsloven

Prins Magnus – som seinare skulle få tilnamnet Lagabøte – blir fødd. Som det yngste barnet til kong Håkon 4. var han ikkje den med best arverett til den norske trona. Han var veslebroren som eigentleg ikkje skulle verta konge.

Magnus skal ha fått undervisning av fransiskanarar som etablerte eit kloster i Bergen i 1240. I ånda ser det ut til at Magnus vart verande ein fransiskanar heile livet, og det han lærde av munkane, skulle verta avgjerande for lovsamlingane han seinare vart kjend for.

Lynet slår ned i eit hus i Bergen der Magnus oppheld seg. Huset tok fyr, og heile Bergen brann til slutt ned. Magnus overlevde. Det var i hans auge ei Guds styring, som det låg ei djupare meining bak og som viste at han var esla til noko stort.

Fjorten år gamal hentar Magnus «Krossuden». Dette var faren sitt største krigsskip. Over 40 meter langt, 10 meter høgt og om lag like breitt. Men der Håkon 4. var i krig store delar av regjeringstida si, skulle Magnus aldri verte ein krigarkonge. Han er den einaste kongen i norsk mellomalder som ikkje førte krig.

Tronarvingen Håkon Unge døyr brått. Han etterlet seg sonen Sverre, som var berre fem år gamal. Difor sette Håkon 4. i scene ei spontan kongehylling av prins Magnus. Slik fekk kongeriket nokon som kunne sjå til Sverre sine interesser til han vart myndig. I 1261 døydde Sverre like brått som faren, og Magnus var den neste til å ta over trona.

Magnus blir krona som konge i Håkonshallen i Bergen. Tre dagar før vart han gift med den danske prinsessa Ingeborg. Det skal ha vore det største bryllaupet i Noreg til den tid.

Kong Håkon 4. vart gravlagd. Kong Magnus sende to fransiskanarmunkar med følgje til Skottland for å forhandla fram fred mellom landa. Dermed kunne kong Magnus byrja på oppgåva han meinte Gud hadde gjeve han: forsoning og lovarbeid.

Arbeidet med ei ny lovbok skal avsluttast. Ho vart vedtatt på Gulating, Eidsivating og Borgarting. Men på Frostating hevda erkebiskop Jon Raude at kongen hadde gjeve lover i si lovbok som krenkte kyrkja sine rettar. Frostating vedtok difor ikkje lovboka. Kong Magnus måtte byrja på nytt.

Kong Magnus inngår forlik med kyrkja om grensene for kongen si lovgjevingsmakt.

Med nye rådgjevarar kunne Magnus i 1270-åra laga ei langt betre lovbok enn den som vart forkasta i 1269. Den høge kvaliteten på Landslova er ein viktig grunn til at ho fekk ei levetid på 400 år.

Klokka seks om morgonen 16. juni går ein prosesjon frå Logtun kyrkje til Frostating. Her venta fleire hundre menn. Kong Magnus var i ferd med å fylla oppgåva han følte Gud hadde lagt på han: Endeleg skulle Noreg få ei lovbok som skapte orden etter borgarkrigane og dei store samfunnsendringane på 1100- og 1200-talet.

Lovboka blir overrekt gulatingsmennene. Eit år seinare skjedde det same på Borgarting og Eidsivating. Noreg var samla til eitt rike.

Kong Magnus Lagabøte døyr. Han hadde då ikkje berre fullført Landslova av 1274, men stod bak Bylova av 1276, Hirdskråa – som var ei slags hoff- og administrasjonslov – og den islandske lovboka Jónsbók.

Etter eige ønske blir Magnus Lagabøte ikkje gravlagd saman med andre kongar i Kristkyrkja i Bergen, men i St. Olavskyrkja til fransiskanarane, der han vart utdanna. Her vart han truleg lagd til kvile i koret, saman med dronning Ingeborg. I det som i dag er domkyrkja i Bergen, ligg dei to framleis.

Tidslinja er basert på Nasjonalbibliotekets julekalender om Magnus Lagabøte, skriven av Jørn Øyrehagen Sunde, jurist og rettshistorikar.

Gå videre
En stor, skinninnbundet bok med sider av pergament.
Magnus Lagabøtes landslov, Codex Hardenbergianus. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 var den første fungerande riksdekkande lova i Europa. Lova gjaldt i Noreg gjennom 400 år. Med Landslova fekk Noreg ei lov som kombinerte eit nytt tankesett frå kontinentet med den norske tingtradisjonen. I denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet vårt.

Magnus Lagabøte blei fødd i 1238 som yngste son av kong Håkon Håkonsson og dronning Margrete Skulesdotter. Rolla som konge var eigentleg tiltenkt Magnus sin eldre bror, men då broren brått døydde i 1257, blei Magnus tronarving.

I 1263 tok han over trona, og som konge stod Magnus bak eit omfattande lovarbeid som er utan sidestykke i norsk historie. I dette prosjektet samla, strukturerte og moderniserte kongen og rådgivarane hans lovene som gjaldt for fattig og rik, i by og land, og til og med på dei forblåste øyene i Atlanterhavet som var under norsk kontroll.

Etter at han døydde i 1280, blei han derfor kalla Magnus Lagabøte – kongen som hadde forbetra lovene.

Nasjonalbiblioteket markerer jubileet med ei stor utstilling, fleire bokutgivingar og eit rikt formidlingsprogram. Vi samarbeider med Kulturhistorisk museum, Stortinget, Noregs Høgsterett og Dei kongelege samlingane om ei felles markering i Oslo.

Nasjonalbiblioteket har lenge jobba for å auke interessa for og kunnskapen om denne delen av norsk historie, mellom anna ved å låne heim verdifulle manuskript og forske på Landslova og resten av lovgivinga til Magnus Lagabøte.