Album frå konsentrasjonsleirane Natzweiler og Dachau

Tegning fra konsentrasjonsleir

Albumet gjev eit særs godt innblikk i livet til nordmenn i tyske fangeleirar under andre verdskrigen. Det er eit døme på at kunstuttrykk kan vere viktig dokumentasjon og formidle grunnleggjande dimensjonar som opplevingar og kjensler. I staden for å bruke ord blir minne og erfaringar frå leirane formidla direkte og med sterke kjensler gjennom ein serie bilete.

Albumet inneheld 40 teikningar og akvarellar frå konsentrasjonsleirane Natzweiler og Dachau laga av teiknaren Rudolf Næss i perioden 1945–1947. Bileta gjev innsikt i livet til fangane og oppbygginga av leirane.

Rudolf Næss blei fødd i 1914. Han vaks opp i Oslo, men flytte til Bergen då han var fjorten år. Under krigen deltok han i illegalt arbeid og blei arrestert 25. juni 1942. Han sat fyrst arrestert på Veiten, deretter på Ulven og blei så overført til Grini 19. august 1943. 30. september 1943 blei han send til Natzweiler. Etter evakueringa av Natzweiler i byrjinga av september 1944 blei han overført til Dachau, Ottobrunn og Dautmergen, og etter det tilbake til Dachau. Rudolf Næss blei berga av dei kvite bussane 21. mars 1945. Heime att i Bergen heldt han fram som illustratør og teiknar. Like etter heimkomsten fekk han tak i fotografi og annan detaljrik informasjon om leirane. Denne kunnskapen, kombinert med eigne minne frå opphaldet i Natzweiler og Dachau, var grunnlaget for teikningar og akvarellar frå fangelivet. I 1947 gav han bileta til Universitetsbiblioteket i Oslo (no i Nasjonalbiblioteket).

Albumet representerer skjebnen og erfaringane til alle norske fangar i tysk fangenskap under andre verdskrigen. Mange har formidla det harde leirlivet i biografiar og minnebøker. Det spesielle med albumet til Rudolf Næss er at minne og erfaringar ikkje er omsett til ord, men blir formidla direkte og sterkt gjennom ein serie bilete.