Hurtigruten minutt for minutt

Bilde av Hurtigruten og småbåter

Hurtigruten minutt for minutt var eit program som flytte grenser. Ikkje berre for kor lenge ei TV-sending kan vare, men også for kor langsam ho kan vere. Programmet skapte stor entusiasme og ei kjensle av fellesskap i heile landet, og løfta Kyst-Noreg i folks medvit. Programmet er ein unik dokumentasjon av den norske kysten på eit gjeve tidspunkt i juni 2011.

Den 134 timar lange direktesendinga følgjer hurtigruteskipet MS «Nordnorge» frå Bergen til Kirkenes. Produksjonen er godkjend av Guinness rekordbok som den lengste ubrotne direktesende TV-dokumentaren i verda. Sendinga byrja kl. 19.45 torsdag 16. juni 2011, og vara til kl. 10.30 onsdag 22. juni. Ho gjekk på NRK 2 og  nett-TV, og var såleis tilgjengeleg for heile verda.

Programmet fortener plassen i Noregs dokumentarv ut frå den interessa det vekte, ikkje berre langs leia, men også hjå sjåarane som gjennom sendinga fekk oppleve det varierte og vakre landskapet som kom til syne i stadig nye vinklar undervegs. Mange fekk lyst til å sjå norskekysten frå skipet sjølve, og bestillingssystemet til Hurtigruten braut saman på grunn av den store pågangen etter billettar.