Filmarkivet etter Thor Heyerdahl

Bilde av Kon-Tiki

Arkivet etter Thor Heyerdahl gjev innsikt i livsverket til ein av dei store oppdagarane og formidlarane i det 20. hundreåret. Heyerdahl har vore ei kjelde til inspirasjon for fleire generasjonar av lek og lærd over heile verda.

Det audiovisuelle materialet frå fleire av ekspedisjonane hans finst i Nasjonalbiblioteket. Dette arkivet inneheld blant anna filmane Kon-Tiki, Galapagos, Aku-Aku, Ra og Tigris.

Kon-Tiki (1957)

28. april 1947 reiste Thor Heyerdahl og mannskapet hans på fem, Knut M. Haugland, Herman Waitzinger, Torstein Raaby, Erik Hesselberg og Bengt Danielsson, over Stillehavet på balsaflåten «Kon-Tiki», frå Callao i Peru. Etter 101 dagar og 8000 km over ope hav enda dei opp på Stillehavsøya Raroia, og beviste med dette at folk i Sør-Amerika kunne ha nådd øyene i Stillehavet ved hjelp av enkle farkostar. Reisa blir skildra i den oscarvinnande filmen Kon-Tiki.

Galapagos (1955)

Galapagos er ein film om ein norsk arkeologisk ekspedisjon til Galápagosøyene. Ekspedisjonen er eit direkte framhald av Kon-Tiki-ekspedisjonen. Han blei organisert av Thor Heyerdahl for å skaffe fleire bevis for at indianarane i Peru var sjøfararar som gjennomførte lange seglasar i Stillehavet lenge før Columbus si tid.

Aku-Aku (1959)

I eit forsøk på å finne svaret på Påskeøyas gåte, dei hundrevis av gigantiske steinhovuda av ukjent opphav som finst på øya, gjekk Thor Heyerdahl i land med ei gruppe profesjonelle arkeologar. Dei starta dei fyrste systematiske utgravingane på øya. Filmen er basert på opptaka frå denne ekspedisjonen.

Ra (1972)

For å teste sjøvegen mellom Afrika og Sør-Amerika gjennomførte Thor Heyerdahl to ferder med papyrusbåt over Atlanterhavet frå Safi i Marokko til Barbados i Vestindia. Den egyptiske papyrusbåten var i bruk i middelhavsområdet så tidleg som 3000–4000 år før Kristus. Spørsmålet var om papyrusbåten var havgåande og såleis kunne ha spreidd middelhavskulturen frå Afrika til Amerika. Med dei to ferdene med «Ra I» og «Ra II» skaffa Thor Heyerdahl praktisk bevis for at Amerika låg innanfor rekkjevidde for papyrusbåtane i oldtida. Ei kulturoverføring kunne derfor ha skjedd.

Tigris (1977)

For å bevise at det kan ha vore kontakt og påverknad over havet mellom dei gamle kulturane i Mesopotamia, Indusdalen og Egypt, blei «Tigris» bygd i 1977. Ekspedisjonen reiste ned elva Tigris, gjennom Persiabukta og inn i Indiahavet.