Logg inn English

Tilbud til skoler

Denne våren inviterer Nasjonalbiblioteket elevar i vidaregåande skule til omvisingar i lokala våre på Solli plass. I tillegg tilbyr vi eit breitt utval digitale føredrag som kan brukast på vidaregåande skular over heile landet. Tilbodet er gratis.

Digitale produksjonar til klasserommet

Handelsnasjonen Norge, sjøkart fra Johannes van Keulen, 1685, NB Arkiv

Nasjonalbiblioteket har eit stadig større digitalt tilbod til bruk i undervisninga. Dei fleste føredraga har eit tilknytta oppgåvesett som passar til ein dobbelttime.

I januar lanserer vi videoføredraget Handelsnasjonen Norge. Kva levde vi av før olja? Korleis vart «lille Noreg» ein del av den store verda? Kvifor handlar ikkje handel berre om økonomi, men og om berekraft, politikk og etikk?

Tidlegare populære føredrag som Kampen om naturen , Journalistikk i krigstider og Lyden av tilhørighet er framleis tilgjengelege. Her kan du sjå heile det digitale tilbodet.

Omvising i utstillinga Opplyst

Utstillinga Opplyst. Glimt frå ein kulturhistorie. Foto: Gareth Gardner

I utstillinga Opplyst. Glimt frå ein kulturhistorie tilbyr vi fleire omvisingar med ulike tematiske ruter og eit tilknytt føredrag. Denne våren tek vi opp tema som Kvinner i offentlegheita, Motstemmer, Nasjonsbygging og nasjonalromantikk, Døden oss i hælen går, Mellomalderen i norsk historie, i tillegg til den meir generelle Glimt frå ein kulturhistorie. Du finn heile oversikta her.

Ynskjer du og elevane å utforske kulturarva vår på eiga hand? I vår tilbyr vi eit spesialtilpassa oppgavehefte og lærarrettleiing knytta til utstillinga.

Omvising i Nasjonalbibliotekets Kartsenter

Kartsenteret på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Foto: Gorm K. Gaare

I kartsenteret vårt tilbyr vi fleire skuletilbod med ulikt innhald og opplegg. Også denne våren held vi fram samarbeidet med Observatoriet like ved, i skuletilbodet Oslos egen nullmeridian. Dette er eitt av til saman av fire skuletilbud, kor også Myter, makt og monstre i gamle kart, Handelsnasjonen Norge og Kampen om Arktis utgjer programmet rundt kartsenteret.

Her finn du den største samlinga kart over Noreg og nordområda – og mange av juvelane i samlinga.

Nyhetsbrev om Nasjonalbibliotekets skoletilbud

Ønsker du å motta nyhetsbrev om Nasjonalbibliotekets skoletilbud?

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Nyhetsbrev for skoler

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.