Lindeman: innsamlingar frå Valdres, Gudbrandsdalen og Meldalen sommaren 1848 

Bilde av håndskrevne noter

Ludvig Mathias Lindeman si innsamling av norsk folkemusikk spelar same rolle på musikkområdet som innsamlingane til Asbjørnsen og Moe gjer for folkediktinga. Innsamlingsarbeidet føydde seg inn i nasjonsbygginga på 1800-talet, der musikk, språk, eventyr og folkeminne blei registrert og brukt til å definere norsk identitet.

Dei unike oppskriftene etter Ludvig Mathias Lindeman av norske folketonar er eit viktig dokumentasjonsarbeid. Utan denne innsatsen ville mengda av overlevert tradisjonsmusikk vore vesentleg mindre og kunnskapen om han tilsvarande avgrensa. Lindeman sette ein standard, og fleire heldt fram med liknande innsamlingar etter hans mønster.

Oppskriftene til Lindeman blei ei viktig kjelde for norske komponistar, med Edvard Grieg og Johan Svendsen som gode døme. Slik kunne den norske kunstmusikken utvikle seg vidare med den norske folkemusikken som grunnlag. Lindeman si samling av folketonar har også vist seg å vere ei gullgruve for norske folkemusikarar og jazzkomponistar.

Materialet etter Lindeman er i dag uvurderleg for musikkforskarar og musikkhistorikarar, ikkje minst fordi han var open for det han høyrde av tonale og rytmiske særtrekk. Metodane hans gjev innblikk i verdiar frå ei tid der lydopptak ikkje fanst.

Samlinga etter Lindeman inneheld 319 manuskriptsider. Av desse er 82 sider noteoppskrifter og 237 sider tekstmanuskript.

Ein avgrensa del av samlinga går inn i Noregs dokumentarv: oppskrifter frå den fyrste innsamlingsferda til Lindeman sommaren 1848, både note- og tekstoppskrifter.

Les meir