Nasjonalbiblioteket er det nasjonale arkivet for norsk populærmusikk.

Bilde av A-ha
A-ha 28. desember 1985. Foto: Olav Hasselknippe

Samlingane inneheld privatarkiv og dokumentasjon, publikasjonar og trykksaker, foto, film og lydfestingar, master- og produksjonsband. Arkivet fungerer som fjernarkiv for Rockheim, det nasjonale museet for populærmusikk.

Privatarkiv

Nasjonalbiblioteket eig ei rekkje privatarkiv frå ulike aktørar i norsk musikkliv. Av desse er dei aller fleste knytte til verksemd innan populærmusikkfeltet, frå 1950-talet og fram til i dag. Artistar, band, opphavspersonar, samlarar, fotografar, plateselskap, managerar og andre bransjefolk har overført arkiva sine til oss for å ordne, katalogisere og ta vare på dei.

Ein kan søkje etter privatarkiv innanfor populærmusikkfeltet i Hanske, Nasjonalbibliotekets katalog for privatarkiv, teaterarkivalia og musikkmanuskript. Hanske er tilgjengeleg via nettbiblioteket vårt.

Lydopptak

Nasjonalbiblioteket har den største lydsamlinga i Noreg. Samlinga av utgjevne lydopptak og samlinga av upublisert produksjonsmateriale dekkjer store delar av historia til norsk populærmusikk. Mykje av samlinga er førebels ikkje tilgjengeleg på nett i katalogform. Den beste inngangen til dette materialet er difor i fyrste omgang å ta kontakt på e-post, og forklare kva ein er ute etter.

Formidling

Nasjonalbiblioteket formidlar kunnskap om norsk populærmusikk gjennom referansearbeid, konferansar, seminar, utstillingar og arrangement.

Fagpersonalet på musikkseksjonen er tilgjengeleg for rettleiing og referansearbeid på lesesalen, via e-post eller telefon.