Nasjonalbiblioteket er arkiv for norsk jazz og skal sikre historisk materiale og formidle kunnskap om norsk jazzhistorie med utgangspunkt i dette materialet.

Bilde av Bjørnar Andresen
Bjørnar Andresen på jazzfestivalen i Molde, 1992. Foto: Vidar Ruud

Jazzsamlinga omfattar mellom anna det store materialet frå Norsk jazzarkiv, som blei overdratt til Nasjonalbiblioteket i 2014.

Lydmaterialet er sentralt, med private opptak frå klubbar og festivalar, masterband, kringkastingsmateriale og publiserte fonogram. Platesamlinga dekkjer dei aller fleste jazzutgjevingane frå den spede starten på 30-talet og fram til dagens utgjevingar.

Ein annan stor materialtype er fotografi med tilknyting til norsk jazzliv gjennom tidene. Samlinga inneheld ca. 12 000 digitaliserte fotografi som dokumenterer musikarar og band i konsert- og klubbsituasjonar, publikum, festivalliv, utanlandske besøk, turnéliv osb.

Jazzsamlinga inneheld òg eit stort klipparkiv ordna på musikarar, ei samling jazztidsskrift, småtrykk og bøker m.m., og fleire store privatarkiv frå musikarar, samlarar og organisasjonar. Vi nemner her Johs Berghs samling, Sogn Studentbys lydsamling, Tore Fredenlunds fotosamling, Kongsberg jazzfestivals arkiv og Randi Hultins samling.

Attåt materialet i jazzsamlinga er det òg materiale om norsk jazz elles i dei andre samlingane i Nasjonalbiblioteket av tidsskrift, aviser, småtrykk, kringkastingsmateriale osb.

Formidling

Nasjonalbiblioteket formidlar kunnskap om norsk jazzhistorie gjennom referansearbeid, jazzbasen.no, bokproduksjonar, konferansar, seminar, utstillingar og arrangement.

Fagpersonalet på musikkseksjonen er tilgjengeleg for rettleiing og referansearbeid på lesesalen, via e-post eller telefon.