NB notar er Nasjonalbibliotekets publiseringsteneste for norsk samtidsmusikk som ikkje er utgjeven på forlag.

Bilde av notehefteVi leverer framføringsmateriale på førespurnad (publishing-on-demand) for alle typar besetningar.

Her kan du søkje i over 14 000 norske musikkverk, hovudsakleg frå 1940 og fram til i dag. Notekatalogen inneheld både verk frå NB notar og verk utgjevne av norske og utanlandske forlag. Verka frå NB notar kan tingast direkte frå katalogen.

I lydkatalogen finst informasjon om innspelingar til ein stor del av verka i notekatalogen, hovudsakleg konsertopptak frå NRK og plateutgjevingar. Ein kan lytte på innspelingane i lokala våre. Notepublisering av ny norsk musikk har vore blant tenestene til Nasjonalbiblioteket sidan 2013. Tenesta var tidlegare ein del av MIC Norsk musikkinformasjon.

Kontakt: Generelle førespurnader: noter@nb.no

Charlotte Piene Tlf.: 23 27 61 03

Karen Rygh Tlf.: 23 27 63 04

Opningstider: Måndag – fredag: 09.00 – 15.30
(Spør i resepsjonen i fyrste etasje)