Handverksfestivalen 2026


Kjøkkenet blir ofte kalla det viktigaste rommet i heimen. Det er der vi lagar maten vi et, og det er mykje handverk som er knytt til livet på eit kjøkken. Vi lærer det rette handlaget med brøddeigen og kva som er hemmelegheita med sausen frå oppskriftsboka til farfar. Noko av utstyret vi nyttar, har lange røter, og nyare teknologi har òg si eiga kulturhistorie.
På handverksfestivalen i år kan du lage eggeglas i ståltråd, sy kjøkkenforkle og fermentere grønsaker. Det blir panelsamtalar og foredrag, og Knut Nærum gir oss ei noregshistorie gjennom kjøkkenreiskapar. Vi har fylt romma våre med gamle kokebøker, tidsskrift, fotografi og historiske filmar om alt som går føre seg på eit kjøkken.
Velkomen!
Verkstad med påmelding: Geitemjølk. Vi lærer korleis vi nyttar mjølk frå geita. Med Credo og Kathrin Aslaksby, kjend som budeia på Olestølen frå duoen «Skimaker’n og Budeia».
Verkstad: Eggeglas og handkleknagg i romanitradisjon. Maiken Bjørkli lærer deg korleis du tvinnar og bøyer ståltråd for å lage enkle ting til nytte på eit kjøkken.
Verkstad: Spikk din eigen trevisp. Alle kjøkken treng minst éin visp. På denne verkstaden kan du lage tvore og andre kjøkkenreiskapar som er heilt frie for mikroplast.
Filmar frå kjøkkenet. Her kan du sjå filmar frå det store arkivet vårt. Det blir blant anna gjensyn med «Fjernsynskjøkkenet», reklamefilmar og kortfilm om husmorvikaren.
Panelsamtale: Den store kjøkkenpraten. Michelle Zhao, Live Krangnes Edvardsen og André Løvaas arbeider med mat kvar dag. Dei møtest for å snakke om kvar det heile starta, kven dei har lært handverket av, og kvifor dei blir verande ved kjøkkenbenken.
Kjøkkenfest i Kantina. Dei beste festane går føre seg på kjøkkenet. Her kan du ete, drikke og finne nokon å diskutere livet, døden og kjærleiken med. Credo serverer snacks, gitarist Per Einar Watle og DJ Mariann Rosa spelar.
Verkstad: Eggeglas og handkleknagg i romanitradisjon. Maiken Bjørkli lærer deg korleis du tvinnar og bøyer ståltråd for å lage enkle ting til nytte på eit kjøkken.
Filmar frå kjøkkenet. Her kan du sjå filmar frå det store arkivet vårt. Det blir blant anna gjensyn med «Fjernsynskjøkkenet», reklamefilmar og kortfilm om husmorvikaren.
Verkstad med påmelding: Fermentering. Ta med ditt eige syltetøyglas og rivjern. Vi har grønsaker, og kokkar frå Credo som viser kor lett det er å fermentere på glas.
Verkstad med påmelding: Sy kjøkkenforkle. Studentar frå OsloMet kjem med 20 symaskiner og lærer deg å lage eit enkelt og nyttig forkle. Hugs å ta med gjenbrukstekstil.
Verkstad: Spikk din eigen trevisp. Alle kjøkken treng minst éin visp. På denne verkstaden kan du lage tvore og andre kjøkkenreiskapar som er heilt frie for mikroplast.
Foredrag: Kjøkken og kunst. Kunstnar og filmskapar Lene Berg tek føre seg nærvær og fråvær av kjøkken i kunst og dramatikk.
Verkstad: Matkost med hestetagl. Matkostar med dyrehår har vore vanlege i mange kjøkken, mellom anna fordi dei toler varme og kan nyttast til takkebakst. Maiken Bjørkli lærer deg å træ hestehår på eit lite handtak.
Etande foredrag: Mjølkemat. Mjølk har lenge vore ei av dei viktigaste matvarene i Noreg, og det er mange tradisjonar å ta vare på. Matforskar Annechen Bahr Bugge tek oss gjennom historia om mjølkematen, og vi får smakebitar laga av Credo undervegs.
Verkstad med påmelding: Sy kjøkkenforkle. Studentar frå OsloMet kjem med 20 symaskiner og lærer deg å lage eit enkelt og nyttig forkle. Hugs å ta med gjenbrukstekstil.
Foredrag: Bakarst i skapet. Forfattar og satirikar Knut Nærum fortel ei noregshistorie gjennom avdanka, ubrukte og tidlegare elska kjøkkenreiskapar.
Film: «Salmer fra kjøkkenet» av Bent Hamer. Ein moderne klassikar frå 2003, der kjøkkenet spelar ei hovudrolle.
Middag med billett: Sodd Off med DJ Børek. Credo inntar kjøkkenet for å lage og servere sodd. DJ Børek spelar opp til dans. Og ja, det blir skjenning.