Middag med billett: Sodd Off med DJ Børek


Kva skal skje?
Credokjøkkenet lagar og serverar sodd. DJ Børek speler opp til dans. Og ja, det blir skjenning.
Når og kor?
Laurdag 19. september 18–21
Nasjonalbiblioteket, kantina
inngang frå Observatoriegata
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Ja, her må du kjøpe billett: Kjøp billett her!
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Handverksfestivalen
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19.
september. Sjå heile programmet her!
Velkomen!