Logg inn English
Handverksfestival
18.
sep

Panelsamtale: Kva er eit godt kjøkken?

Portrettmontasje med tre personer. Til venstre står en person i hvit kokkejakke og lue. I midten står en person med armene i kors og svart jakke foran lys bakgrunn. Til høyre står en person i hvit strikkegenser utendørs med vann og landskap i bakgrunnen.
André Løvaas (Foto: Jo Straube), Michelle Zhao (Foto: Silje Bryn Knutsen / Cappelen Damm), Live Krangnes Edvardsen (Foto: Eline Kjøl Berg / Cappelen Damm)
André Løvaas (Foto: Jo Straube), Michelle Zhao (Foto: Silje Bryn Knutsen / Cappelen Damm), Live Krangnes Edvardsen (Foto: Eline Kjøl Berg / Cappelen Damm)
Fredag 18. september 2026, kl. 18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Kva er eit godt kjøkken?
Gratis
Begrensa plass

Kva skal skje?  

Nokre av Noregs beste matfolk har også byrja som nysgjerrige barn på ein krakk ved kjøkkenbenken. Dei har slikka krem frå vispen, fått prøve den skarpe kniven og observert dei eldre i arbeid. For Michelle Zhao, Live Krangnes Edvardsen og André Løvaas la den barnlege nysgjerrigheita grunnlaget for mathandverk som yrke. I denne samtalen fortel dei om vegen frå dei første minna ved komfyren til livet som profesjonelle kokkar, og kva dei trur skal til for å få barn og unge til å bli nysgjerrige på mat. Samtalen blir leia av Andreas Liebe Delsett.

Kven møter du?  

Michelle Zhao er ein sjølvlært kokk som driv den kritikarroste restauranten Banzha i Bergen. Ho lagar mat sterkt inspirert av Yunnan-provinsen i Kina, men tilpassa norske råvarer. Ho driv òg bloggen No sweet sour og har gitt ut boka Hjemmelaget kinesisk.  

Live Krangnes Edvardsen er kokk og tidlegare kjøkkensjef ved Credo i Trondheim. Ho har vore dommar i TV-programmet Masterchef unge talenter og mentor på Kokkeskolen. I fjor kom ho med boka Fra mormors kjøkken, der ho hentar fram norsk tradisjonsmat og husmannskost.  

Diplombakar André Løvaas er kjend for mange som ein av dommarane i Bakemesterskapet på NRK. Han er til dagleg produktutviklar hos Åpent bakeri.  

Andreas Liebe Delsett er forfattar og matentusiast. Han har gitt ut to bøker om mat, Kjøkkenveien – en bok om mat og arbeid (2019) og Den vanskelige maten (2020). I haust skal han leie arrangementsserien Kokepunktet hos Nasjonalbiblioteket, som skal handle om norsk restauranthistorie.  

Når og kvar? 

Fredag 18. september kl. 18–19    

Nasjonalbiblioteket, Målstova  

Inngang frå Henrik Ibsens gate 110   

Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!

   

Treng du billett?    

Arrangementet er gratis, men du må ha billett for å sikre deg plass. Hent billett her:  Hent billett!

Strøyming av arrangementet? 

Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER. 

  

Mat og drikke? 

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.  

Handverksfestivalen

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19.
september.  Sjå heile programmet her!

Velkomen!