Panelsamtale: Kva er eit godt kjøkken?
Nokre av Noregs beste matfolk har også byrja som nysgjerrige barn på ein krakk ved kjøkkenbenken. Dei har slikka krem frå vispen, fått prøve den skarpe kniven og observert dei eldre i arbeid.
For Michelle Zhao, Live Krangnes Edvardsen og André Løvaas la den barnlege nysgjerrigheita grunnlaget for mathandverk som yrke. I denne samtalen fortel dei om vegen frå dei første minna ved komfyren til livet som profesjonelle kokkar, og kva dei trur skal til for å få barn og unge til å bli nysgjerrige på mat. Samtalen blir leia av Andreas Liebe Delsett.