Logg inn English
Handverksfestival
19.
sep

Verkstad med påmelding: Sy kjøkkenforkle   

Mange små jenter sitter rundt et bord og syr
Foto: Anders Beer Wilse, 1911
Foto: Anders Beer Wilse, 1911
Lørdag 19. september 2026, kl. 11:00 – 18:00
Nasjonalbiblioteket – Store Auditorium
Gratis
Billettlenkjer lengre ned

Kva skal skje?  

Her får du lære å klippe stoff etter mønster og sy eit enkelt forkle. Lærarstudentar frå OsloMet riggar seg til med 20 symaskiner, tråd og sakser.  
Du må sjølv ta med deg eit stoffstykke av solid bomull eller lin på om lag 140 × 150 cm. Gamle gardiner eller dukar eignar seg ofte godt.
Kurset er for vaksne. 

Verkstaden er eit samarbeid med prosjektet «Lokal kulturarv som praktisk læringsarena», som er leidd av førstelektor ved OsloMet Lise-Kari Berg. Prosjektet utforskar korleis tradisjonar og handverk kan bidra til ein meir praktisk skule.  

  

Kven møter du?  

Kursleiar Silje Storebø og medstudentane Nora Lovise Enoksen, Lilly Emilie Slinning og Kaja Lysfjord Kemi går på grunnskulelærarutdanninga på OsloMet, der kunst og handverk er eit av faga.  

Når og kvar?    

Laurdag 19. september kl. 11–14 og 15–18    

Nasjonalbiblioteket, Store Auditorium  

Inngang frå Henrik Ibsens gate 110 

Slik kjem du deg hit:Besøk Nasjonalbiblioteket!

   

Treng du billett?    

Verkstaden er gratis, men det er avgrensa med plassar, og du må ha billett. Kurset er for vaksne.  

Hent billett til klokka 11
Hent billett til klokka 15.

Møt opp i god tid. Unytta plassar blir fristilte 10 minutt før start.  
  

Mat og drikke?   

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.  

Handverksfestivalen

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19.
september.  Sjå heile programmet her!

Velkomen!