Verkstad: Spikk din eigen trevisp


Kva skal skje?
Alle kjøkken treng minst éin visp. På denne verkstaden kan du lage kjøkkenreiskapar som er heilt frie for mikroplast. Grantoppar og gamle juletre kan bli til den tradisjonsrike vispen tvore, og emne av bjørk blir gode smørknivar.
Verkstaden er open så langt emna rekk og er berekna for vaksne.
Kven møter du?
Tonje Falk har jobba som husflidskonsulent i mange år og held spikkekurs, blant anna på Maihaugen. Eivind Falk har spikka heile livet og har gitt ut «Den store spikkeboka». Til dagleg er han leiar på Norsk håndverksinstitutt.
Når og kvar?
Fredag 18. september kl. 17 – 20
Nasjonalbiblioteket, 2. etasje
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, og du treng ikkje billett. Her er det førstemann til mølla.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Handverksfestivalen
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19.
september. Sjå heile programmet her!
Velkomen!