Logg inn English
Handverksfestival
19.
sep

Verkstad: Matkost med hestetagl  

Foto: Maiken Bjørkli
Foto: Maiken Bjørkli
Lørdag 19. september 2026, kl. 13:00 – 18:00
Nasjonalbiblioteket
Gratis
Du treng ikkje billett. Påmelding og venteliste på staden.

Kva skal skje?

Her får du lære å træ hestetagl på eit lite skaft i tre. Slike tradisjonelle kostar har vore vanlege i mange kjøkken og bakstehus.  Dyrehåra toler varme og kan til dømes nyttast til takkebakst.  Du kan gjerne lage din eigen pynt på treskaftet etterpå. Verkstaden er berekna for vaksne.  

Du finn påmelding og venteliste på staden. 

Kven møter du?

Maiken Bjørkli er erfaren kurshaldar og driv Bjørkligarden ved Nordkjosbotn i Troms. Opphavleg kjem ho frå Drangedal, ei telemarksbygd der mange romanifolk har hatt tilhald. Ho har lært mykje om romanitradisjonane frå mor si.
Verkstaden her på Nasjonalbiblioteket er eit samarbeid med Taternes Landsforening. 

Når og kvar?    

Laurdag 19. september kl. 13–18    

Nasjonalbiblioteket, 2. etasje  

Inngang frå Henrik Ibsens gate 110   

Slik kjem du deg hit:Besøk Nasjonalbiblioteket!

   

Treng du billett?    

Det er gratis, og du treng ikkje billett. Du finn påmelding og venteliste på staden.  

  

Mat og drikke?   

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst. 

Handverksfestivalen

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19.
september.  Sjå heile programmet her!

Velkomen!