Logg inn English

Velkomen til Handverksfestivalen 2026

Illustrasjon: Smuss Studio

Kjøkkenet blir ofte kalla det viktigaste rommet i heimen. Det er der vi lagar maten vi et, og det er mykje handverk som er knytt til livet på eit kjøkken. Vi lærer det rette handlaget med brøddeigen og kva som er hemmelegheita med sausen frå oppskriftsboka til farfar. Noko av utstyret vi nyttar, har lange røter, og nyare teknologi har òg si eiga kulturhistorie. 

På handverksfestivalen i år kan du lage eggeglas i ståltråd, sy kjøkkenforkle og fermentere grønsaker. Det blir panelsamtalar og foredrag, og Knut Nærum gir oss ei noregshistorie gjennom kjøkkenreiskapar. Vi har fylt romma våre med gamle kokebøker, tidsskrift, fotografi og historiske filmar om alt som går føre seg på eit kjøkken.  

Velkomen!  

Handverksfestivalen: Fredag 18. september

17:00–19:00 • Kantina

Verkstad med påmelding: Geitemjølk. Vi lærer korleis vi nyttar mjølk frå geita. Med Credo og Kathrin Aslaksby, kjend som budeia på Olestølen frå duoen «Skimaker’n og Budeia». 

17:00–20:00 • Nasjonalbibliotekbaren

Verkstad: Eggeglas og handkleknagg i romanitradisjon. Maiken Bjørkli lærer deg korleis du tvinnar og bøyer ståltråd for å lage enkle ting til nytte på eit kjøkken.

17:00–20:00 • Ved Folkestova

Verkstad: Spikk din eigen trevisp. Alle kjøkken treng minst éin visp. På denne verkstaden kan du lage tvore og andre kjøkkenreiskapar som er heilt frie for mikroplast.

17:00–20:00 • Folkestova

Filmar frå kjøkkenet. Her kan du sjå filmar frå det store arkivet vårt. Det blir blant anna gjensyn med «Fjernsynskjøkkenet», reklamefilmar og kortfilm om husmorvikaren.

18:00–19:00 • Målstova

Panelsamtale: Den store kjøkkenpraten. Michelle Zhao, Live Krangnes Edvardsen og André Løvaas arbeider med mat kvar dag. Dei møtest for å snakke om kvar det heile starta, kven dei har lært handverket av, og kvifor dei blir verande ved kjøkkenbenken. 

Frå klokken 19 • Kantina

Kjøkkenfest i Kantina. Dei beste festane går føre seg på kjøkkenet. Her kan du ete, drikke og finne nokon å diskutere livet, døden og kjærleiken med. Credo serverer snacks, gitarist Per Einar Watle og DJ Mariann Rosa spelar.

Videostill: Hjemme hos oss (Ola Winger, 1971). Foto: Sverre Bergli / Per Foss. Nasjonalbiblioteket.
Videostill: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket
Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket.

Handverksfestivalen: Lørdag 19. september

10:00–12:00 • Nasjonalbibliotekbaren

Verkstad: Eggeglas og handkleknagg i romanitradisjon. Maiken Bjørkli lærer deg korleis du tvinnar og bøyer ståltråd for å lage enkle ting til nytte på eit kjøkken.

10:00–18:00 • Folkestova

Filmar frå kjøkkenet. Her kan du sjå filmar frå det store arkivet vårt. Det blir blant anna gjensyn med «Fjernsynskjøkkenet», reklamefilmar og kortfilm om husmorvikaren.

11:00–13:00 • Kantina

Verkstad med påmelding: Fermentering. Ta med ditt eige syltetøyglas og rivjern. Vi har grønsaker, og kokkar frå Credo som viser kor lett det er å fermentere på glas.

11:00–14:00 • Store Auditorium

Verkstad med påmelding: Sy kjøkkenforkle. Studentar frå OsloMet kjem med 20 symaskiner og lærer deg å lage eit enkelt og nyttig forkle. Hugs å ta med gjenbrukstekstil. 

11:00–17:00 • Ved Folkestova

Verkstad: Spikk din eigen trevisp. Alle kjøkken treng minst éin visp. På denne verkstaden kan du lage tvore og andre kjøkkenreiskapar som er heilt frie for mikroplast.

12:00–13:00 • Målstova

Foredrag: Kjøkken og kunst. Kunstnar og filmskapar Lene Berg tek føre seg nærvær og fråvær av kjøkken i kunst og dramatikk.

13:00–18:00 • Nasjonalbibliotekbaren

Verkstad: Matkost med hestetagl. Matkostar med dyrehår har vore vanlege i mange kjøkken, mellom anna fordi dei toler varme og kan nyttast til takkebakst. Maiken Bjørkli lærer deg å træ hestehår på eit lite handtak.

14:00–15:00 • Kantina

Etande foredrag: Mjølkemat. Mjølk har lenge vore ei av dei viktigaste matvarene i Noreg, og det er mange tradisjonar å ta vare på. Matforskar Annechen Bahr Bugge tek oss gjennom historia om mjølkematen, og vi får smakebitar laga av Credo undervegs.

15:00–18:00 • Store Auditorium

Verkstad med påmelding: Sy kjøkkenforkle. Studentar frå OsloMet kjem med 20 symaskiner og lærer deg å lage eit enkelt og nyttig forkle. Hugs å ta med gjenbrukstekstil. 

17:00–18:00 • Målstova

Foredrag: Bakarst i skapet. Forfattar og satirikar Knut Nærum fortel ei noregshistorie gjennom avdanka, ubrukte og tidlegare elska kjøkkenreiskapar. 

18:00–19:30 • Folkestova

Film: «Salmer fra kjøkkenet» av Bent Hamer. Ein moderne klassikar frå 2003, der kjøkkenet spelar ei hovudrolle.

18:00–21:00 • Kantina

Middag med billett: Sodd Off med DJ Børek. Credo inntar kjøkkenet for å lage og servere sodd. DJ Børek spelar opp til dans. Og ja, det blir skjenning.

Foto: Nadin Martinuzzi 

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19. september.

Handverksfestivalen 2026

Fredag 18. september

Lørdag 19. september

Kvifor lagar vi ein handverksfestival?

Handverk er kultur, og det å laga ting er kunnskap som ofte går i arv. Handverkstradisjonar har blitt møtt med ein heilt ny interesse dei siste åra. Folk liker å lage ting sjølv, og deler idear og kunnskap med kvarandre, uavhengig av alder og geografi. Men nokre av tradisjonane våre står og i fare for å bli gløymde, mens andre har endra seg så sterkt gjennom tidene at dei knapt er til å kjenne igjen. Gjennom denne årlege festivalen vil vi trekke fram handverk det er verdt å halde på.

nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket finst tusenvis av bøker, tidsskrift og oppskrifter som er digitaliserte og søkbare, og interessa er stor for strikkeoppskrifter, bøker om lafteteknikk og mattradisjonar. 

Foto: Landbrukets film- og billedkontor/Nasjonalbiblioteket