Kristin Lavransdatter og mellomalderrett

Ved Jørn Øyrehagen Sunde
Varar i ca. 30 minutt
Tilgjengeleg no

Sigrid Undset var forfattar og ikkje universitetsprofessor. Men på første halvdel av 1900-talet var ho kanskje den som kjende og forstod norsk mellomalderrett best. I Kransen, første bind i trilogien om Kristin Lavransdatter, brukte Undset kjeldene til norsk mellomalderrett aktivt, både som ramme for forteljinga og til å skape nyansar i den. Kristin sitt møte med ei vette i skogen som barn, at det er i skogen Arne gir til kjenne kjærleiken sin til henne, at ho blir forsøkt valdteken ved skogen av Bentein, at ho har stemnemøte med Erlend i skogen over garden Skog – alt dette er inspirert av lesingar av mellomalderlovane. Lovane blir også nytta til å vise fram lynnet til sentrale personar i Kransen, som Lavrans Brynjulfsson, Erlend Nikulausson, fru Åshild og Kristin Lavransdatter sjølv.

I utstillinga Opplyst finst ei perle frå norsk mellomalderhistorie: Magnus Lagabøtes landlov av 1274. Med eksempel frå denne vil professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde fortelje om korleis mellomalderrett blir brukt som litterært verktøy i Sigrid Undsets Kristin Lavransdatter.

Ekstra ressursar

I denne lista finn du lenker til ekstra ressursar du kan nytte i undervisingsopplegg knytt til Magnus Lagabøtes landslov.