• Beklager. Dette event har allerede funnet sted.

Skeivt kulturår 2022

Skeiv ordhistorisk aftan: frå tvitoling til ikkje-binær

10. mars kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Foredrag med Kristin Fridtun

Korleis har skeive personar blitt oppfatta og omtala gjennom tidene? Omgrep som «homoseksualitet» og «transperson» er relativt nye, men det er slett ikkje nytt å forelske seg i same kjønn eller å oppleve og uttrykke kjønn annleis enn samfunnet forventar. Det er heller ikkje nytt å setje namn på dei av oss som er eller gjer slik. I dette foredraget skal filolog og forfattar Kristin Fridtun fortelje om bakgrunnen til nokre av orda og uttrykka som har vore nytta. Vi får høyre om folkelege seiemåtar, medisinske fagnemningar og frukter av skeiv språkaktivisme: Tvitolingar og homannsførkjer møter kontrærseksuelle og ikkje-binære. 

 

SKEIVT KULTURÅR 2022 – utstilling og formidlingsprogram

I 2022 markerer Nasjonalbiblioteket Skeivt kulturår. Fram til 1972 var det forbod mot seksuell omgang mellom menn i Noreg. At vi i år kan feire jubileum for retten til å elske kven vi vil, og at vi kan leve ut kjønnet vårt som vi vil, er resultatet av kampar på ulike arenaer. I utstillinga Stoltheit og fordom, viser Nasjonalbiblioteket materiale frå Riksarkivet og eiga samling, forteljingar om skeive frigjeringskampar og levde skeive liv i Noreg. I ei rekke arrangement i vinter, ser vi nærare på nokre av forteljingane frå den skeive kulturhistoria, og på det skeive i mellom anna popkulturen, forskjellige epokar av Noregshistoria og i språket vårt.

Arrangementsprogram:

Tors 3. feb kl. 19: Petronelle Nielsen – Noregs Gentleman Jack
Tirs 15. feb kl. 13: Kilder til skeiv historie – Fagseminar
Tors 17. feb kl. 19: Melodi Grand Prix – Hvordan ble det en homohappening?
Tors 3. mars kl. 19: Homofili og kjønnsidentitet i mellomalderen
Tors 10. mars kl. 19: Skeiv ordhistorisk aftan
Fre 1. april kl. 19: Larger than life – Om norsk draghistorie

***

Alle arrangementa er gratis og opne for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Billettar blir lagt ut 14 dagar før arrangementet finn stad. 

Arrangementa blir strøymde direkte på nb.no og på Facebook. Dei vil også vere tilgjengeleg i arrangementsarkivet vårt i etterkant. Ein treng ikkje billett for å sjå dei digitale sendingane. 

Fagseminar

Innenfor/Utenfor: Flerkulturelt bibliotekmøte 31. mai 2022

Tir. 31. mai kl.09:30
Gratis inngang
"Innenfor/Utenfor: Flerkulturelt bibliotekmøte 31. mai 2022"

Konferanse

Working with letters

Tor. 2. juni kl.09:15
Gratis inngang
"Working with letters"

Fagseminar

Svein Atle Skålevåg: Den frie viljen

Tir. 7. juni kl.13:00
Gratis inngang
"Svein Atle Skålevåg: Den frie viljen – utilregnelighetens lange historie"