• Beklager. Dette event har allerede funnet sted.

Skeivt kulturår 2022

Larger than life – Om norsk draghistorie

1. april kl. 19:00 - 21:00 Gratis inngang

Informasjon

Samtale, podkastslipp og dragshow!

The Great Garlic Girls skapte overskrifter då dei i 1986 representerte Noreg i Eurovision og vrikka hoftene til Ketil Stokkans Romeo, som dei fyrste dragartistane i historia.  Men norsk draghistorie starta ikkje der. Faktisk strekk den seg så langt tilbake som til kristianiabohemane, og rommar fascinerande historier om menneske som har levd kontroversielle og ekstravagante liv. Det som ein gong tilhøyrde undergrunnen har i dag blitt populærkultur, men vegen dit har vore lang, og ikkje utan risiko for dei som har våga å stikke seg fram.

Nasjonalbiblioteket inviterar til ein heilkveld om norsk drag. Vi trekk dei historiske linene bakover i tid, ser på kva drag har betydd, kva drag har utfordra, og korleis ein ny generasjon dragartistar sprenger grenser for kva drag kan vere i dag. Vi byr også på ein sniklytt av vår nyaste podkastserie “Skeiv og stolt”, der historia om Norga, ei av dei verkeleg store dragstjernene i Europa på 1930-talet, blir fortalt.

Etter arrangementet blir det ekte «guttastemning» i kafeen når dragking-gruppa Gutta opptrer, speler musikk og gir oss alt vi ikkje visste vi ville ha.

Med:
Daisy Sælen Hafstad,
også kjent som Comtesse von Lüderitz, er forfattar av boka Parykker, stiletter og frigjøring — Historien om norsk dragshow. Terje Schrøder har vore medlem av Great Garlic Girls i meir enn 40 år og ser tilbake på tida si på scenen. Remi Johansen Hovda, aka dronning Nabi Yeon Geisha, er ein del av dragtrioen Princessilicious, og har vore med å starte konsept som Open Drag Stage og skrive ein master om drag som uttrykksform. Jens Kihl, journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende, leiar samtalen.

Arrangementet er gratis og ope for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Har du ikkje sikra deg billett, kan du møte opp i døra, og skulle det vere fullt, blir arrangementet strøyma i kafeen.  Delar av arrangementet blir strøymd direkte på nb.no og på Facebook. 

SKEIVT KULTURÅR 2022 – utstilling og formidlingsprogram

I 2022 markerer Nasjonalbiblioteket Skeivt kulturår. Fram til 1972 var det forbod mot seksuell omgang mellom menn i Noreg. At vi i år kan feire jubileum for retten til å elske kven vi vil, og at vi kan leve ut kjønnet vårt som vi vil, er resultatet av kampar på ulike arenaer. I utstillinga Stoltheit og fordom, viser Nasjonalbiblioteket materiale frå Riksarkivet og eiga samling, forteljingar om skeive frigjeringskampar og levde skeive liv i Noreg. I ei rekke arrangement i vinter, ser vi nærare på nokre av forteljingane frå den skeive kulturhistoria, og på det skeive i mellom anna popkulturen, forskjellige epokar av Noregshistoria og i språket vårt.