• Beklager. Dette event har allerede funnet sted.

Skeivt kulturår 2022

Petronelle Nielsen – Noregs Gentleman Jack

3. februar kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Gisken Armand, Marie Kløvstad Øye, Bjørn Hatterud, Tone Hellesund og Siri Lindstad

 

“[E]ensom Roe og en kjer Venindes Selskab er det eneste som her efter, vil skjenke mig Glæde. “

I Nasjonalbiblioteket ligg det dagbøker etter Petronelle Nielsen (1797–1886), som var kunstmålar, ei av dei første kvinnelege fotturistane i Noreg, og ei av få kvinner i samtida si som fekk bli myndigmyndiggjort. I dagbøkene hennar kan ein lese om mange og gripande forelskingar i unge kvinner, og refleksjonar rundt dei kjenslene ho har for dei. Store delar av livet levde ho saman med ei kvinne, og mot slutten av det, blei ho også huseigar. Ho gikk sine eigne vegar, men utan å bli utstøytt på noko vis. Korleis såg samtida hennar på det livet Nielsen levde? Og kva tenkte ho sjølv om kjærleiken til andre kvinner?

Gisken Armand les frå dagbøkene til Nielsen. Siri Lindstad leiar ein samtale der kor Marie Kløvstad Øye, som løfta Petronelle Nielsen fram frå gløymsla, kurator og forfattar Bjørn Hatterud og professor i kulturvitskap Tone Hellesund, snakkar om dagbøkene til Petronelle Nielsen og tida og livet dei sprang ut av.

Sjå arrangementet her.

SKEIVT KULTURÅR 2022 – utstilling og formidlingsprogram

I 2022 markerer Nasjonalbiblioteket Skeivt kulturår. Fram til 1972 var det forbod mot seksuell omgang mellom menn i Noreg. At vi i år kan feire jubileum for retten til å elske kven vi vil, og at vi kan leve ut kjønnet vårt som vi vil, er resultatet av kampar på ulike arenaer. I utstillinga Stoltheit og fordom, viser Nasjonalbiblioteket materiale frå Riksarkivet og eiga samling, forteljingar om skeive frigjeringskampar og levde skeive liv i Noreg. I ei rekke arrangement i vinter, ser vi nærare på nokre av forteljingane frå den skeive kulturhistoria, og på det skeive i mellom anna popkulturen, forskjellige epokar av Noregshistoria og i språket vårt.

Arrangementsprogram:

Tors 3. feb kl. 19: Petronelle Nielsen – Noregs Gentleman Jack
Tirs 15. feb kl. 13: Kilder til skeiv historie – Fagseminar
Tors 17. feb kl. 19: Melodi Grand Prix – Hvordan ble det en homohappening?
Tors 3. mars kl. 19: Homofili og kjønnsidentitet i mellomalderen
Tors 10. mars kl. 19: Skeiv ordhistorisk aftan
Lør 19. mars: Skeiv filmdag
Fre 1. april kl. 19: Larger than life – Om norsk draghistorie

***

Alle arrangementa er gratis og ope for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Grunna smittevern er det begrensa med plassar og naudsynt med billett. Billettar blir lagt ut 14 dagar før arrangementet finn stad. 

Arrangementa blir strøymde direkte på nb.no og på Facebook. Dei vil også vere tilgjengeleg i arrangementsarkivet vårt i etterkant. Ein treng ikkje billett for å sjå dei digitale sendingane. 

Arrangement

På sporet av vikingene i øst

Man. 23. mai kl.19:00
Gratis inngang
"På sporet av vikingene i øst"

Fagseminar

Innenfor/Utenfor: Flerkulturelt bibliotekmøte 31. mai 2022

Tir. 31. mai kl.09:30
Gratis inngang
"Innenfor/Utenfor: Flerkulturelt bibliotekmøte 31. mai 2022"

Konferanse

Working with letters

Tor. 2. juni kl.09:15
Gratis inngang
"Working with letters"