Logg inn English

Tilbud til skoler

Skoleelever på besøk i Nasjonalbibliotekets faste utstilling «Opplyst». Foto: Gorm K. Gaare

Nasjonalbiblioteket inviterer elevar i vidaregåande skule til fleire ulike omvisingar og verkstadar i lokala våre på Solli plass. I tillegg tilbyr vi eit breitt utval digitale føredrag som kan nyttast på vidaregåande skular i heile Noreg. Tilbodet er gratis.

Rett vest

Denne våren opna Nasjonalbiblioteket dørene til den nye utstillinga Rett vest. Drømmen om et bedre liv i Amerika. Utstillinga følgjer i fotspora til dei norske utvandrarane som søkte eit nytt liv på andre sida av Atlanterhavet. I dei vestlege grenseområda av den nye amerikanske staten kunne nordmennene kjøpe billige tomter – på land som inntil nyleg hadde vore busett av urfolket.

I løpet av skulebesøket får elevane lære meir om draumar, liv og samfunn i dei norske koloniane, og blant nordmenn i dei amerikanske storbyane.

Omvising i andre utstillingar

I dei permanente utstillingane Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie og Kartsenteret tilbyr vi fleire omvisingar med ulike tematiske ruter. I Opplyst finst det seks ulike omvisingar å velje mellom, og i Kartsenteret tre. Under besøket blir klassene delt i to grupper. I  tillegg til omvising i utstillinga, deltek dei også på eit undervisningsopplegg tilpassa tematikken.

Digitale produksjonar til klasserommet

Nasjonalbiblioteket har også eit digitalt tilbod til gjennomføring i klasserommet. Dei digitale foredraga våre tek for seg tema som ytringsfridom, krigsjournalistikk, mellomalderhistorie og litteraturhistorie. Halvparten av foredraga har også tilhøyrande oppgåvesett utarbeida for ein dobbelttime. Her kan du sjå heile det digitale tilbodet!

Handverksfestivalen

I september arrangerer Nasjonalbiblioteket handverksfestival for fjerde gong, og årets tema er havet. I eit eige skuleprogram inviterer vi vidaregåande elevar til å delta på tre ulike verkstadar. Elevane lærer både praktisk handverk og historie.

Både digitale og fysiske arrangement krev påmelding.