Døden oss i hælen går
Veke 41, 43, 45, 47, 49 og 50
Omvisingstid: måndag-fredag kl. 9-14
Omvisarar: Anna Kleiva og Ole-Albert Rønning Nordby
Varar i ca. 60 minutt
Opp gjennom historia har synet vårt på døden endra seg vesentleg. Dorothe Engelbretsdatter sin dødsmetaforikk på 1600-talet veks ut av eit samfunn med høg barnemortalitet, store krigar og sterk kristen tru. Når døden dukkar opp som innhald og estetikk i norsk black metal på 1990-talet handlar det meir om opprør mot eit trygt likskapssamfunn. Denne omvisinga ser nærare på døden som symbol og tematikk i norsk kulturhistorie frå barokken til i dag.
Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.