Logg inn English

Samiske motstemmer

Fotografi frå 1970-talet som viser eit stort banner der det står "VI KJEMPER VIDERE". Bak banneret står ei rekke politifolk i uniform og lue. Framfor banneret står demonstrantar kledd i vinterklede og med ryggsekkar. Nokon har fotoapparat rundt halsen. Nokon har tradisjonelle samiske klede. Det er vinter.

Besøket varar i 60-70 minutt, og består av omvising og undervisingsopplegg

Omvisarar: Vegard Sæle Nævdal, Anine Strømdahl og Anna Kleiva

I utstillinga Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie viser Nasjonalbiblioteket fram objekt som har forma norsk kultur og offentlegheit. Makthavarar lagar reglar og premiss, men ofte er det kreftene som står i opposisjon til makta som endrar og omformar samfunnet. I denne omvisinga fokuserer vi på dei samiske motstemmene og ser nærare på forholdet mellom norske styresmakter og den samiske befolkninga i Noreg frå 1814 og fram til i dag.

Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.