Mellomalderen i norsk historie

Omvisingstid: måndag – fredag kl. 10 – 14
Varar i ca. 60 minutt
Omvisar: Anna Kleiva
Omvisning i utstillinga Opplyst
To viktige mellomalderobjekt er å finne i Nasjonalbiblioteket si utstilling Opplyst – Glimt frå ei kulturhistorie: Kvikne-psalteret frå 1100-talet, den eldste bevarte boka i Noreg, og den revolusjonerande lovboka Magnus Lagabøtes landslov, i ei praktutgåve frå 1300-talet.
Med utgangspunkt i desse bøkene, ser omvisinga nærare på epoken norsk mellomalder, endringane som kjem med reformasjonen og korleis mellomalderen forplantar seg i seinare norsk historie.