Kvinner i offentlegheita

Spesialomvising i utstillinga Opplyst

Onsdag 8. mars kl.9, kl.10 og kl.11
Meld klassen på her.

Korleis fungerer ei offentlegheit? Kven har tilgang på den? Dette er sentrale spørsmål i utstillinga Opplyst – Glimt frå ei kulturhistorie ved Nasjonalbiblioteket. Tilgangen til offentlegheita har opp gjennom historia vore blokkert for ulike grupper i samfunnet – ikkje minst for kvinner. I høve den internasjonale kvinnedagen 8. mars tilbyr vi ei spesialomvising i utstillinga med vekt på kvinnene sin plass i den norske kulturhistoria. Omvisinga vil sjå nærare på arbeidet og påverknaden til mellom andre Dorothe Engelbretsdatter, Gina Krog og Camilla Collett.