Logg inn English

Nasjonsbygging og nasjonalromantikk

To eldre fotografi i svart-kvitt ved sida av kvarandre. Fotoet til venstre viser torsoen til ein stor eldre mann, Asbjørnsen, med små runde briller, sideskill og skjegg langs kjeven. Fotoet til høgre viser torsoen til ein eldre mann, Moe, med sideskill og sløyfe i halsen.

Besøket varar i 60-70 minutt, og består av omvising og undervisingsopplegg.

Omvisarar: Vegard Sæle Nævdal, Anine Strømdahl og Anna Kleiva.

I Noreg samanfell den nasjonalromantiske perioden med ein stadig meir sjølvstendig nasjon. Den norske grunnlova blir skriven i 1814 og idet det nye hundreåret startar, er unionstida på hell. Samtidig veks det fram ei interesse for den norske folkekulturen – Asbjørnsen og Moe samlar inn eventyr, Edvard Grieg brukar norske folketonar i moderne komposisjonar og Snorres kongesagaer blir gitt ut som folkelesnad.

I Nasjonsbygging og nasjonalromantikk diskuterer vi fleire sentrale objekt og idear frå nasjonsbyggingstida, med eit særleg fokus på inspirasjonen frå norsk mellomalder og arbeidet til Asbjørnsen og Moe. 

Klassa blir delt i to under besøket, og begge grupper får ei omvising og eit kort foredrag.