Tone Hødnebø les «Fra en annen virkelighet»

Snøen har lagt seg og syner ei verd som framleis er kjend, men likevel annleis på Gaustad sjukehus. Her les Tone Hødnebø diktet «Fra en annen virkelighet», henta frå diktsamlinga med same namnet, gitt ut i 1948, og den andre i rekka av Hofmo sine bøker.

I år ville Gunvor Hofmo fylt 100 år. Men kven er eigentleg denne diktaren?  Eit tidsvitne som mista det umistelege i 2. verdskrigen, ei som lengta heim til menneska, men som også fann seg ein plass i årstidene, naturen og byen? Kva skreiv ho om?

I denne serien har ei rekke framståande, norske poetar valt seg ut kvart sitt dikt av Gunvor Hofmo. Gjennom dei utvalde dikta og poetane sin eigen inngang til Hofmo kjem vi litt nærare ein av dei fremste norske forfattarskapane i det tjuande århundret.

Fleire poetar les Hofmo: