Steinar Opstad les «Hvem sier vi er skilt?»

Folketom og bitande kald ligg Ruth Maiers plass i hjartet av Oslo. Frå samlinga I en våkenatt (1954), som for mange rundar av den første fasen i forfattarskapen til Hofmo, har Steinar Opstad valt å lese diktet «Hvem sier vi er skilt?».

I år ville Gunvor Hofmo fylt 100 år. Men kven er eigentleg denne diktaren?  Eit tidsvitne som mista det umistelege i 2. verdskrigen, ei som lengta heim til menneska, men som også fann seg ein plass i årstidene, naturen og byen? Kva skreiv ho om?

I denne serien har ei rekke framståande, norske poetar valt seg ut kvart sitt dikt av Gunvor Hofmo. Gjennom dei utvalde dikta og poetane sin eigen inngang til Hofmo kjem vi litt nærare ein av dei fremste norske forfattarskapane i det tjuande århundret.

Fleire norske poetar les dikt av Gunvor Hofmo: