Karin Haugane les «Vuggesang»

Sommarsola skin over Akershuskaia, Oslo, og trea står grøne som graset. Karin Haugane les «Vuggesang» frå ei av dei seinare diktsamlingane til Gunvor Hofmo, Nabot (1987).

I år ville Gunvor Hofmo fylt 100 år. Men kven er eigentleg denne diktaren?  Eit tidsvitne som mista det umistelege i 2. verdskrigen, ei som lengta heim til menneska, men som også fann seg ein plass i årstidene, naturen og byen? Kva skreiv ho om?

I denne serien har ei rekke framståande, norske poetar valt seg ut kvart sitt dikt av Gunvor Hofmo. Gjennom dei utvalde dikta og poetane sin eigen inngang til Hofmo kjem vi litt nærare ein av dei fremste norske forfattarskapane i det tjuande århundret.

Les meir om markeringa av Gunvor Hofmo sitt 100-årsjubileum på Nasjonalbiblioteket her.

Kanskje du også har interesse av: