Jan Erik Vold les «Jeg har våket»

Under det grøne lauvet, under dei sorgfulle skuggane, i suset frå byen og fortida, står Jan Erik Vold på Ruth Maiers plass i Oslo. Han les diktet «Jeg har våket» frå Hofmo si fjerde diktsamling, Jeg har våket (1954).   

I år ville Gunvor Hofmo fylt 100 år. Men kven er eigentleg denne diktaren?  Eit tidsvitne som mista det umistelege i 2. verdskrigen, ei som lengta heim til menneska, men som også fann seg ein plass i årstidene, naturen og byen? Kva skreiv ho om?

I denne serien har ei rekke framståande, norske poetar valt seg ut kvart sitt dikt av Gunvor Hofmo. Gjennom dei utvalde dikta og poetane sin eigen inngang til Hofmo kjem vi litt nærare ein av dei fremste norske forfattarskapane i det tjuande århundret.

Meir om markeringa av Gunvor Hofmo sitt 100-årsjubileum: