Karoline Brændjord les «Ensomhet I»

Himmelen er blå og kald. Knoppane finst, men berre som ei forventing i trea utanfor Claus Riis’ gate 7. Her var barndomsheimen til Gunvor Hofmo, og her les Karoline Brændjord «Ensomhet I» frå debutsamlinga til Hofmo, Jeg vil hjem til menneskene (1946).

I år ville Gunvor Hofmo fylt 100 år. Men kven er eigentleg denne diktaren?  Eit tidsvitne som mista det umistelege i 2. verdskrigen, ei som lengta heim til menneska, men som også fann seg ein plass i årstidene, naturen og byen? Kva skreiv ho om?

I denne serien har ei rekke framståande, norske poetar valt seg ut kvart sitt dikt av Gunvor Hofmo. Gjennom dei utvalde dikta og poetane sin eigen inngang til Hofmo kjem vi litt nærare ein av dei fremste norske forfattarskapane i det tjuande århundret.

Fleire norske poetar les dikt av Gunvor Hofmo: