Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie

Av omsyn til covid-19 og godt smittevern avgrensar vi talet på deltakarar under omvisingar i utstillinga.

Det blir omvising kvar tysdag kl. 14 og torsdag kl. 16. Det vil vere maks 15 personar per omvising og det er eit krav å melde seg på føreåt. Meld deg på i lista under.

Notida kviler på det som har vore. I Opplyst løfter vi unike, spektakulære og viktige objekt frå norsk kulturhistorie opp frå dei mørke magasina og fram i lyset. Desse objekta representerer augeblikk i den felles historia vår og fortel om store gjennombrot, kreative meisterverk og avgjerande hendingar som har forma ytringsrommet vårt og nasjonen vår.

Samlinga til Nasjonalbiblioteket inneheld store delar av det som er gitt ut for offentlegheita frå 1100-talet og fram til vår eiga tid. Samlinga er det nasjonale minnet vårt, og her hentar vi forteljingar om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Opplyst er ei slik forteljing.

Omvisinga varar normalt i rundt 30 minutt. Du kan reservere plass ved å velje ein av dei ledige datoane i lista under. Skriv inn tal på personar og ei e-postadresse slik at vi kan stadfeste reservasjonen.

 

 

Omvisingar

09. juni kl. 14:00
8 ledige plassar
11. juni kl. 16:00
12 ledige plassar
16. juni kl. 14:00
14 ledige plassar
18. juni kl. 16:00
3 ledige plassar
23. juni kl. 14:00
14 ledige plassar
25. juni kl. 16:00
13 ledige plassar
30. juni kl. 14:00
10 ledige plassar