Glimt frå ei kulturhistorie

Besøket varar i 60 minutt, og består av omvising og undervisingsopplegg.
Omvisarar: Vegard Sæle Nævdal og Bjørn Thore Solås
I samlinga til Nasjonalbiblioteket finst store delar av det som er publisert for offentlegheita frå 1100-talet og fram til vår eiga tid – manuskript, bøker, filmar, musikk, tv- og radioklipp, plakatar og småtrykk. Samlinga er det felles minnet vårt. I utstillinga Opplyst har vi henta nokon av desse viktige og spektakulære objekta fram i lyset. Dei representerer augeblikk i den felles historia vår, og fortel om store gjennombrot, kreative meisterverk og avgjerande hendingar som har forma ytringsrommet og nasjonen vår.
I Glimt frå ei kulturhistorie får elevane ei generell kulturhistorisk omvising i Opplyst. Dei får også ei innføring i Nasjonalbiblioteket sitt arbeid. Kva slags materiale samlar vi på? Korleis digitaliserer vi? Korleis kan elevane sjølve bruke Nasjonalbiblioteket sine tenestar?
Vi tilbyr to former for skulebesøk. Dersom du ønskjer omvising, blir klassa delt i to under besøket, og begge gruppene deltek på omvising og eit kort undervisningsopplegg. Dersom du ønskjer at klassa i større grad skal utforske utstillinga på eiga hand, har vi laga eit spesialtilpassa oppgåvehefte, inkludert ei lærarrettleiing som du vil få tilsend i forkant. Hugs å spesifisere kva for opplegg du ønskjer når du melder på klassa.
Besøk med minoritetsspråkleg klasse
Omvisinga i Opplyst går føre seg på norsk, men vi har utstillingskatalogar på både polsk, spansk, fransk, tysk, somali, arabisk og engelsk, i tillegg til norsk og samisk; desse kan vere til hjelp både under og etter besøket. Gi gjerne beskjed om det er aktuelt for klassa dykkar. Katalogane er gratis.