Nasjonsbygging og nasjonalromantikk

Besøket varar i 60 minutt, og består av omvising og undervisingsopplegg.
Omvisarar: Anna Kleiva, Vegard Sæle Nævdal og Bjørn Thore Solås
I Noreg samanfell den nasjonalromantiske perioden med ein stadig meir sjølvstendig nasjon. Den norske grunnlova blir skriven i 1814 og idet det nye hundreåret startar, er unionstida på hell. Samtidig veks det fram ei interesse for den norske folkekulturen – Asbjørnsen og Moe samlar inn eventyr, Edvard Grieg brukar norske folketonar i moderne komposisjonar og Snorres kongesagaer blir gitt ut som folkelesnad.
I Nasjonsbygging og nasjonalromantikk diskuterer vi fleire sentrale objekt og idear frå nasjonsbygginstida, med eit særleg fokus på inspirasjonen frå norsk mellomalder.
Klassa blir delt i to under besøket, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.