Samiske motstemmer

Besøket varar i 60-70 minutt, og består av omvising og undervisingsopplegg.
Omvisarar: Vegard Sæle Nævdal og Bjørn Thore Solås
I utstillinga Opplyst – Glimt frå ei kulturhistorie viser Nasjonalbiblioteket fram objekt som har forma norsk kultur og offentlegheit. Makthavarar lagar reglar og premiss, men ofte er det kreftene som står i opposisjon til makta som endrar og omformar samfunnet. I denne omvisinga fokuserer vi på dei samiske motstemmene og ser nærare på forholdet mellom norske styresmakter og den samiske befolkninga i Noreg frå 1814 og fram til i dag.
Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.


