Logg inn English

Kvinner i offentlegheita

Besøket varar i 60 minutt, og består av omvising og undervisingsopplegg.

Omvisarar: Anna Kleiva, Vegard Sæle Nævdal og Bjørn Thore Solås

Korleis fungerer ei offentlegheit? Kven har tilgang på den? Dette er sentrale spørsmål i utstillinga Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie ved Nasjonalbiblioteket. Tilgangen til offentlegheita har opp gjennom historia vore blokkert for ulike grupper i samfunnet – ikkje minst for kvinner.

I denne omvisinga legg vi vekt på kvinnene sin plass på den politiske scena og i den norske kulturhistoria generelt. Vi ser nærare på arbeidet og påverknaden til mellom andre Gina Krog, Camilla Collett og Dorothe Engelbretsdatter. Det blir også trekt liner fram til dagens kvinnekamp.

Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.

Andre omvisingar for skuleklasser