Fagseminar

Offentleg fotografi. Fotografisk mangfald i publiserings- og kunnskapsprosessar

18. november kl. 10:30 - 16:30 Gratis inngang

Informasjon

Fagseminar, dag 1

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no.

Fotografiske teknologiar og bilete blir stadig meir sentrale og synlege i kultur- og samfunnslivet utover på 1900-talet og fram mot vår tid. Med auka omfang følgjer større definisjonskraft, som gjer det vesentleg å forstå korleis fotografi grip inn i offentleg meiningsdanning og bidreg til felles kunnskap og forståing.

Den 18. og 19. november inviterer forskingsprosjektet «Norsk fotohistorie fra 9. april 1940 til 22. juli 2011» til fagseminaret «Offentlig fotografi». Seminaret blir arrangert av Nasjonalbiblioteket i samarbeid med Norsk Teknisk Museum.

Meir informasjon om arrangementet og programmet kjem – og følg gjerne med på prosjektsida vår.

 

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningslinjer og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre formål enn eventuell smittesporing.

Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følgje arrangementet heimanfrå.

Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt viser publikum til plassane sine. Vi rår alle til å komme i god tid før arrangementet startar.

Kommende arrangementer

Ekstern arrangør

Er språket vårt i fare?

Man. 26. oktober kl.18:00
Gratis inngang
Read article "Er språket vårt i fare?"

Arrangement

80-tallet: I studio med Raga Rockers

Man. 26. oktober kl.19:00
Gratis inngang
Read article "80-tallet: I studio med Raga Rockers"

Fagseminar

The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata

Ons. 28. oktober kl.10:15
Gratis inngang
Read article "The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata"