Logg inn English
Handverksfestival
13
sep

Historia om Ada Delutuk Blackjack – ei ufrivillig polarheltinne 

Ada Blackjack med sin sønn Bennett, 1923. Ukjent fotograf.
Ada Blackjack med sin sønn Bennett, 1923. Ukjent fotograf.
Lørdag 13. september 2025, at 14:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis
Det er begrensa med plass, men du treng ikkje billett.

Kva skal skje?  

Forskar og leiar ved polarmuseet i Tromsø, Silje Gaupseth, fortel historia om Ada Delutuk Blackjack – Iiñupiat frå Nome i Alaska. I 1921 var ho den einaste som overlevde ein amerikansk-kanadisk ekspedisjon i Nordishavet. I månadene åleine på den iskalde Vrangeløya måtte ho skaffe kjøtt og sy klede av skinn for å overleve. I tillegg skreiv ho dagbok – ei tekst Gaupseth har forska på. I dette foredraget får vi innblikk i historia og erfaringane til urfolka i arktiske område.   

   

Kven får du møte?   

Silje Gaupseth er førsteamanuensis i polar kulturvitskap og dagleg leiar ved Polarmuseet, UiT Norges arktiske universitetsmuseum. Ho har skrive om sjølvrepresentasjon i ekspedisjonslitteraturen og har i seinare arbeid nærma seg polar kulturhistorie frå urfolksmetodologiske, museologiske og queer-teoretiske perspektiv. Saman med Marit Anne Hauan står ho bak antologien «Kjønn i isen: Fragmenter til ei ny polarhistorie» (2024).  

Når og kor?   

Laurdag 13. september   

Nasjonalbiblioteket, Målstova – inngang frå Solli plass 

Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket

  

Treng du billett?   

Det er gratis og du treng ikkje billett.  

Blir det fullt strøymer vi til storskjerm i Nasjonalbibliotekbaren.  

Vi strøymer også her.

Kva er Handverkfestivalen?  

Handverkfestivalen på Nasjonalbibiblioteket er ein årleg festival som feirer vår matrielle kulturarv. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidler vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegere tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til fortellinger, kunst og musikk.  Vi byr på over tjuge arrangement over to dager.  Sjå heile programmet her!

Mat og drikke:

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging/
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.

Velkomen!