Kva kan du oppleve? 

Nasjonalbiblioteket inviterer denne hausten til den tredje utgåva av Handverksfestivalen, som vil finne stad fredag 13. og laurdag 14. september! I år skal vi utforske handverkstradisjonar frå mellomalderen innanfor tekstil, mat og medisin.

Fredag 13. september

Frå kl. 17.00: Dypp ditt eige lys av dyretalg. Drop-in verkstad   

Med veiker og talg frå dyrefeitt kan du lage lys slik dei gjorde det i mellomalderen.     

Frå kl. 17.00: Smak urtedrikk med rose og salvie, inspirert av Hildegard frå Bingen

Ifølge Hildegard frå Bingen kunne salvie dempe sinne og roseblad få det gode til å stige i menneska. Hildur Hauksdottir er gartnar og har latt seg inspirere av Hildegard sine tekstar og laga ein urtedrikk som skal syte for godt humør. 

Kl. 18.00: Etande foredrag: Brød og smør frå mellomalderen 

 I dette foredraget fortel professor i arkeologi Marianne Vedeler om brødet og smøret dei åt i Norden i mellomalderen. Kokk og kjøkkensjef, Heidi Bjerkan, har bakt brødet og kinna smøret vi får servert. 

Kl. 20.00: Høgtlesing: Soga om Partalopi, ein riddarroman om trolldom og kjærleik      

Denne franske romanen var ei av mange historier som blei omsett til norrønt og fortalt i lystige lag i Noreg i mellomalderen. Førsteamanuensis Stefka G. Eriksen gir oss ei innføring før vi får ei framføring av historia ved skodespelar Carl Martin Eggesbø.    

Kl. 17.00 – 22.30: Dufter og musikk med DJ Piggsopp   

Kunstnar Simon Daniel Tegnander Wentzel speler stemningsfull musikk og gir ei særskilt duftoppleving inspirert av mellomalderen.

To treskjæringsverktøy og en ferdig utskåret sleiv som ligger på en trebenk.
Foto: Norges Husflidslag
En ung hvit mann med blondt hår og brun jakke ser i kamera.
Carl Martin Eggesbø
Hvit kvinne med krøller og svart genser smiler.
Marianne Vedeler
Illustrasjon av fire menn i kjortler som sitter. Den femte mann kommer med mat.
Illuminasjon fra Codex Manesse, 1305-1340.

Laurdag 14. september

Kl. 10.00 og 13.30: Plantevandring og urteverkstad  

Bli med gartnar Hildur Hauksdóttir på leiting etter marikåpe, skvallerkål og groblad, plukk og lær om plantebruk i mellomalderen.  

Kl. 10.00 og 13.30: Duodji-verkstad: sy i skinn frå fisk og reinsdyr  

I denne verkstaden får vi eit foredrag om garving av skinn, før vi får sy i skinnet og pynte det med kråkesølv og reinpels. Ved Lea Marie Lund og duojár Hilde Marie Lund.

Frå kl. 11.00: Spikk di eiga grautskei. Drop-in verkstad  

Prøv deg på spikking med hjelp frå Mari Mosand og Ragnhild Gjems frå Norges Husflidslag. Når du har spikka ferdig skeia, kan du kjenne korleis det er å ete graut med reiskapen du har laga sjølv.

Kl. 11.00 og 14.00: Verkstad i plantefarging   

Farg brodergarn med krapprøter og bjørkeblad, slik dei gjorde det i mellomalderen.  Verkstad i plantefarging med kunstfaglærar og forskar ved OsloMet Eva Lutnæs.

Kl. 12.00: Medisin og magi i mellomalderen  

Eit foredrag om plantebruk og urtemedisin, bønn og magiske formlar ved Karoline Kjesrud frå Kulturhistorisk museum

Kl. 15.00: Etande foredrag: Kva åt dei i mellomalderen?   

Professor i arkeologi Marianne Vedeler har undersøkt matvanar for fattig og rik i mellomalderen, og i dette foredraget fortel ho kor variert dei åt. Credo deler ut smaksprøvar slik at du kan få tygge, lukte og smake på det dei åt den gongen.

Kl. 16.00: Panelsamtale om daude dyr som mat, før og no 

Bonden Torvald Hadland, filosofen Sophia Efstathiou, historikaren Karen V. Lykke og vegetarianaren Philip Rynning Coker diskuterer tabu og trendar kring kjøtet.  

K. 17.00: Langbordsmiddag med mellomaldermeny ved Credo og Heidi Bjerkan.

Bordreservasjon og betalingsinfo her.

Et bord med forskjellige urter, blomster.
Foto: Siri Døsen

Handverkstradisjonane er høgst levande her til lands og ein sentral del av den felles kulturarven vår. Dette er historiekunnskap som sit i hendene, og som knyter oss saman på tvers av landegrenser og tidsperiodar. Nasjonalbiblioteket ønsker å ta vare på handverkstradisjonane gjennom denne årlege festivalen. Vi arrangerer verkstader, foredrag og samtalar som set tradisjonane i eit historisk perspektiv.

En ung melaninrik mann med dreadlocks og grå genser smiler i kamera.
Philip Rynning Coker
Illustrasjon av trollhegg i grønt og lilla, på mørk grønn bakgrunn.
Trollhegg
Illustrasjon av krekling i hvitt, oransje og grønt, på oransje bakgrunn.
Krekling

Kvifor lagar vi ein handverksfestival?

Handverk er kultur, og det å laga ting er kunnskap som ofte går i arv. Handverkstradisjonar har blitt møtt med ein heilt ny interesse dei siste åra. Folk liker å lage ting sjølv, og deler idear og kunnskap med kvarandre, uavhengig av alder og geografi. Men nokre av tradisjonane våre står og i fare for å bli gløymde, mens andre har endra seg så sterkt gjennom tidene at dei knapt er til å kjenne igjen. Gjennom denne årlege festivalen vil vi trekke fram handverk det er verdt å halde på.

nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket finst tusenvis av bøker, tidsskrift og oppskrifter som er digitaliserte og søkbare, og interessa er stor for strikkeoppskrifter, bøker om lafteteknikk og mattradisjonar. 

Illustrasjon av korn i hvitt og oransje, på blå bakgrunn.
Korn