Arrangement
15
apr

Festtale til svartmetallaren

tre sinte menn i ført liksminke og med langt hår
Immortal. Foto: Bergens Tidende (1991)
Lørdag 15. april 2023, at 12:00 – 13:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Hent billett her!

Det sit ein langhåra bleiking i kjellarstova. Ved sida av han i sofaen ligg det kassettar og fanziner. Han har noko pretensiøst over seg, noko berre einsame kan ha. Og er ikkje kleda så svarte og andletet så gravalvorleg at det verkar parodisk?    

Svartmetallen har for lengst tatt steget frå undergrunnen og blitt ein stoverein og verdskjend musikkeksport, men framleis er det knytt fordommar til folka bak. Musikar og journalist Harald Fossberg har følgt det norske svartmetallmiljøet sidan starten og har mellom anna skrive boka Nyanser av svart – historien om norsk Black Metal 

I Festtale til svartmetallaren tar Fossberg mørkemennesket på kornet, og tar oss med inn bak liksminke og kyrkjebrannar.  

Det er fort gjort å sette folk i bås. Da kan vi le av dei, ta avstand frå dei eller herme etter dei. I foredragsserien Festtaler ber vi kjende og kunnskapsrike folk halde taler til dei kjæraste stereotypiane våre. 

Praktisk informasjon

Det er gratis å vere med, men vil du sikre deg plass, bør du hente ut billett her: HENT BILLETT!

Ubrukte billettar blir gitt vidare fem minutt før arrangementet startar. Dørene opnar 30 minutt før, og Kafé Å er open – velkommen!

Etter festtalen kan du fordjupe deg meir med arrangementet «Tiåret då det svartna. Om Noreg, 90-talet og svartmetall». Hent billett her: HENT BILLETT!

Begge arrangementa blir tatt opp. Dei blir òg strøymde direkte på nb.no og på Facebook. 

Vi anbefaler óg ein tur i utstillinga Dårlig stemning. Lyden av følelser i norsk svartmetall.  Chris Nyborg er omvisar klokka 14:30.

Dårlig stemning

Opplev dårlig stemning på Nasjonalbiblioteket denne våren! Norsk svartmetall utforsker mørket i mennesket og naturen – og i dag er den særegne lyden kjent over hele verden. Fra 29. mars kan du bli med inn i en verden av sterke følelser, drivkraft og dårlig stemning, når vi inviterer til et omfattende program som utforsker svartmetall med utstilling, arrangementer, podkast og bokutgivelse. Les mer her.