Arrangement
15
apr

Tiåret då det svartna. Om Noreg, 90-talet og svartmetall.

tre unge menn røyker og ser ned i bakken
Foto: fra Jørn Stubberuds bok “Dødsarkiv”, Aschehoug 2015
Lørdag 15. april 2023, at 13:00 – 14:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Hent billett her!

Kva var det som skapte grobotn for eit så ekstremt kulturuttrykk som svartmetallen? Kjetil Manheim var 15 år da han var med på å starte det legendariske bandet Mayhem på Langhus. Det var byrjinga på ein mørk og skurrande musikksjanger som skulle komme til å utfordre alt av OL-feber og mintgrøne grilldressar.

Filosof Helge Kaasin har skrive boka Snø og granskog. Språk, ideologi og nasjonalromantisk raseri i norsk svartmetall. Nazneen Khan-Østrem er kommentator i Aftenposten, tidlegare musikkjournalist og redaktør for boka Dødsarkiv. Saman med Manheim leiter dei etter koplinga mellom tidsånda, historia og musikken. Kvifor trefte svartmetallen unge tenåringshjarte så hardt, og kva idear låg bak den særeigne norske svartmetallen? Til å leie oss gjennom samtala har vi musikkjournalist og redaktør Audun Vinger.

 

Praktisk informasjon

Arrangementet er gratis, men vil du sikre deg ein plass, bør du hente ut billett her: HENT BILLETT HER!

Ubrukte billettar blir gitt vidare fem minutt før arrangementet startar. Dørene opnar 30 minutt før, og Kafé Å er open – velkommen!  

Før panelsamtalen kan du få med deg Festtale til svartmetallaren av og med Harald Fossberg. Sikre deg billett her: HENT BILLETT!

Begge arrangementa blir tatt opp. Dei blir òg strøymde direkte på nb.no og på Facebook. 

Vi anbefaler òg ein tur i utstillinga Dårlig stemning. Lyden av følelser i norsk svartmetall. Chris Nyborg er omvisar klokka 14.30″ Les meir her.