Logg inn English
Handverksfestival
12
sep

Garnbøting og spleising av tau

Fredag 12. september 2025, at 16:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – uteområdet
Gratis
Du treng ikkje billett

Kva skal skje?  

Harald Haraldsen har teke med seg garn, vaier og tau til Nasjonalbiblioteket for å vise korleis du reparerer det som har rivna og fått hòl. Korleis ein reparerer garnet og tauet, er eldgammal kunnskap som folk over heile Noreg har kunna i mange hundre år.   

Kven møter du?   

Harald Haraldsen frå Hvaler har arbeidd med fiskegarn, tau og vaierar til trålarar heile det yrkesaktive livet sitt og er ein av få i sitt kystområde som har den spesialkunnskapen som trengst for å kunne reparere utstyret trålarfiskarane nyttar seg av. Haraldsen la nett ned trålarverkstaden sin etter 40 år.    

Når og kor?   

Fredag 12. september kl. 16–20  

Laurdag 13. september kl. 10–16  

Nasjonalbiblioteket, uteområdet ved Solli plass.  
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket.

Treng du billett?   

Arrangementet er gratis og du treng ikkje billett.  

Kva er Handverksfestivalen?  

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her!

Mat og drikke:

Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.   

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.

Velkomen!